Hopp til innhald

Fagstoff

Fisket

I Noreg var fisk ein nesten uuttømmeleg ressurs for dei som budde langs kysten. Fisken var ikkje eigedommen til nokon, og alle kunne hente han opp av havet.


Bergen var hovudsetet for fiskeeksporten gjennom heile perioden 1500–1800 og hadde vore det heilt frå mellomalderen.

Bryggen i Bergen ca. 1580. Bryggebygningar og anna busetnad. Båtar i forkant. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Skifte i marknad

På 1500- og 1600-talet gjekk fiskeeksporten til landa rundt Austersjøen. På 1500-talet var denne handelen framleis delvis kontrollert av hanseatane.

I løpet av 1700-talet blei Sør-Europa ein viktigare marknad. Tørrfisk, og etter kvart klippfisk, var etterspurd der. Skiftet i marknaden kan forklarast med reformasjonen. Før reformasjonen, då Nord-Tyskland var katolsk, var det stor etterspørsel etter fisk å ete på fastedagar, altså onsdagar og fredagar. Også i veka før påske og i samband med dåp fekk ein ikkje lov til å ete kjøt. Fastedagane blei det slutt på med innføringa av protestantismen, og etterspørselen etter fisk gjekk ned. Den norske fisken måtte då finne nye marknader, og løysinga blei dei katolske landa i sør.

Den europeiske etterspørselen etter fiskevarer voks likevel gjennom heile perioden. Grunnen var at mange flytta til byane eller tok arbeid som gjorde at dei ikkje lenger kunne vere sjølvforsynte. I tillegg førte krigføringa til etterspørsel etter billige matforsyningar til soldatane. Tørrfisk var òg viktig som matforsyning til den stadig veksande slavebefolkninga i Karibia, også i dei dansk-norske koloniane.

Fisk som ressurs og ekstrainntekt

I Noreg var fisk ein nesten uuttømmeleg ressurs for dei som budde langs kysten. Fisken var ikkje eigedommen til nokon, og alle kunne hente han opp av havet. Sjølve fisket kravde heller ikkje større investeringar i båt og utstyr enn det ein familie eller ei grend kunne ha råd til. Det gjorde at det var enkelt for folk langs kysten å engasjere seg i fisket, ikkje berre for sjølvforsyning, men òg som næring.

Mann og kone i folkedrakter frå Nordmøre foran ein kvelva robåt, tidleg 1800-tal. Under illustrasjonen står det "Mand og Kone fra Fogderiet Noermør". Teikning.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Bøndene langs kysten var oftast fiskarbønder, altså både bønder og fiskarar. Det innebar at kvinnene blei att på garden og tok seg av husdyra og dyrkinga av jorda, medan mennene drog til havs når det var sesong for fiske. Først drog dei til relativt nære fiskebankar, men utover 1600-talet kunne til dømes vestlandsfiskarane reise så langt nord som til Lofoten.

Med garden som eit fast utgangspunkt hadde familiane litt å greie seg med frå jordbruket dersom fisket skulle slå feil. Samtidig kunne fisket i gode tider gi forteneste nok til å sikre nødvendige matvarer og reiskapar, men òg til å skaffe seg luksusvarer. Eller ein kunne leggje noko til sides til neste gong det var dårlege tider.

Fisk som eksportvare

Fisken som skulle gå til eksport, måtte konserverast for å tole den lange reisa til marknadene utanlands. Salting og tørking var den vanlege konserveringsmåten på 1500- og 1600-talet. Mot slutten av 1700-talet kom òg klippfisken til. Klippfisk var både salta og tørka. Nye fiskevarer kom òg til ut gjennom perioden. Tran og rogn blei viktige eksportvarer. Tranen blei brukt både som smurning, til dømes til hjul og akslingar, men òg som olje i lampar. Rogna blei eksportert til Frankrike. Der blei ho brukt som agn i den franske fiskerinæringa. Tilarbeidinga av fiskevarene skjedde i fiskeværa og blei ofte utført av kvinner og barn.

Båt lasta full med tørrfisk. Vi ser fleire båtar og nokre brygger i bakkant. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

For å få inntekter frå fisket måte fiskarane selje fisken til nokon som kunne få han ut på den internasjonale marknaden. På 1500- og 1600-talet drog dei sjølve heile den lange vegen til Bergen eller Trondheim. Der var det kjøpmenn som hadde eksportrettar.

Utover på 1700-talet blei det meir vanleg at kjøpmennene sjølve drog dit fisket gjekk føre seg. Dei kunne òg sende representantar som slo seg ned som gjestgivarar eller kjøpmenn langs kysten. Det gjorde at fiskarane slapp dei lange reisene. Men kjøpmannen fekk stor makt, sidan han var den einaste folk kunne selje fisken til, eller kjøpe nødvendige varer frå.

Relatert innhald

Fisk har vore og er framleis ein viktig del av Noregs rikdom. Utan fisken hadde truleg utviklinga av samfunnet vårt sett ganske annleis ut.

CC BY-SASkrive av Ragnhild Hutchison. Rettshavar: Kommuneforlaget
Sist fagleg oppdatert 04.10.2017

Læringsressursar

Naturressursar og næringsutvikling