Hopp til innhald

Fagstoff

Utnytting av naturressursar

I hundrevis av år var dei fleste nordmenn bønder som dreiv med jordbruk, og noko fiske og skogbruk til eige behov. Men frå 1500-talet begynte ein å utnytte fleire ressursar, og handelen auka både internt i Noreg og med utlandet.
Rykande smeltehytter på Røros. I utkanten ser vi kyrkja og fleire hus. Måleri.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Utvikling

Dei aller fleste nordmennene var bønder. Dette gjaldt både i mellomalderen, men òg gjennom heile den perioden som vi kallar tidleg nytid, eller dansketida. Denne perioden er frå cirka 1500 til cirka 1800. I tillegg var det mange som dreiv med fiske, men all produksjon både i jordbruket og i fisket var ein del av .

Likevel var det slik at i løpet av perioden blei det i aukande grad ei utnytting av fleire naturressursar. Denne utviklinga gjorde at det etter kvart dreidde seg vekk frå sjølvberging til handel og eksport.

Kva naturressursar kunne ein utnytte?

Fiske

Langs kysten var fisket ei viktig næring. I stor grad blei fisk seld til kjøpmenn på Vestlandet, og Bergen blei ei viktig hamn for handel og transport av fisk. Den fisken som blei eksportert ut i Europa, var gjerne tørrfisk fordi ein ikkje hadde metodar for å halde fisken fersk i transporten med skip.

Tømmer

Frå 1500-talet gjennomgjekk skogbruket ei stor endring med nye oppfinningar som oppgangssaga. Oppgangssaga blei driven med vasskraft, og med ho kunne ein utnytte tømmeret i mykje større grad. Trelasthandelen vaks seg stor, og med han auka òg skipsfarten.

Bergverk

Jordbruk, fiske og tømmer var tradisjonelle næringar sjølv om dei utvikla seg i denne perioden. Bergverka og utnytting av ulike metall var derimot ei relativt ny næring. Det hadde vore noko gruvedrift tidlegare, men det blei starta opp i stor grad frå 1600-talet. Det var Kong Christian 4. som såg det økonomiske potensialet, og han gav såkalla privilegium til å drive ulike verk rundt om i landet. Jern, kopar og sølv var det som hovudsakleg blei vunne ut i Noreg.

CC BY-SASkrive av Inga Berntsen Rudi og Eivind Sehested Zakariassen.
Sist fagleg oppdatert 19.02.2021

Læringsressursar

Naturressursar og næringsutvikling