Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Julestemning i naturfag

Ta med julestemninga inn i naturfagundervisninga. Her får de tips til demoforsøk, filmar, og korleis de kan lage ein juleverkstad med naturfagvri – utan at de treng å leggje bort det faglege.
Nisse dykkar med fisk i akvarium. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Demoforsøk for læraren

Gneistar, lys og smell høyrer jula til! I samarbeid med Bjørn Eidem har vi laga ei samling med demonstrasjonsforsøk. Dei er godt eigna til å skape engasjement og undring. Kva med å starte eller avslutte økta med eit pang eller ein woosh?

Samling med spektakulære demonstrasjonsforsøk

Universitetet i Stavanger lagar kvart år ein eigen kjemijulekalender. Her er det mange gode tips til demoforsøk.

Joulekalender frå Universitetet i Stavanger (youtube.com)

Ta ein pause frå julestria og sjå på film

Kosetime før jul er for mange synonymt med å sjå på film. Kvifor ikkje gi "kosen" fagleg innhald? Vi har mange gode og fagleg relevante spelefilmar på sidene våre. Her er nokre smakebitar:

Radioactive

Biografisk spelefilm om vitskapskvinna Marie Curie.

Tesla

Historia om oppfinnaren Nikola Tesla og den revolusjonerande vekselstraummotoren hans.

The Biggest Little Farm

Dei ville skape ein gard i harmoni med naturen, men å komme dit var ikkje lett.

Spaceship earth

På byrjinga av 1990-talet levde åtte menneske innelukka i ein kopi av biosfæren på jorda i to år.

Svart hund med blå auge ser i kamera. Han sit i førarsetet på ein grøn bil. Foto.

Juleverkstad

Juletre laget av stativ med kolber med fargerike væsker. Foto.

Juleverkstad i naturfagtimane er ei fin moglegheit til å gjere noko hyggjeleg med klassen, og de treng ikkje å leggje bort det faglege av den grunn. På denne sida har vi samla opplegg tilpassa jula, og som samtidig er godt forankra i læreplanen.

Førebuingar

Bestem dykk for kva aktivitetar de vil gjennomføre og finn ut kva de treng av utstyr.

Lag gjerne litt julestemning på naturfagrommet i samband med juleverkstaden!

Tips for å lage god julestemning på naturfagrommet

  • Set på julemusikk. Vi har sett opp nokre forslag som passar til dei ulike opplegga.

  • Spel av opptak av knitrande peis på projektoren.

  • Lag naturfagleg adventsstake av fire gassbrennarar. "Så tenner vi ein gassbrennar i dag..."

  • Lag juletre av stativ, klemmer og kolbar med farga væske, som på biletet over.

Forslag til aktivitetar på juleverkstaden

Vi har sett opp nokre forslag til aktivitetar under. I parentes bak tittelen på kvart opplegg har vi antyda kor lang tid det tek å gjennomføre aktiviteten.

Lag julepynt av bioplast (2 timar)

Kva skal vi lage julepynt av i verda den dagen vi sluttar å pumpe opp olje og ikkje kan lage fossilplast lenger? Svaret er kanskje bioplast.

Julepynt som heng på juletreet. Vi ser eit raudt hjarte i forgrunnen og norske flagg og julekuler i bakgrunnen.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Gjennomføring

  1. Ta utgangspunkt i opplegget i lenkja under og lag dykkar eigen bioplast.
    Lag din eigen bioplast

  2. Bruk plasten til å lage julepynt. De kan til dømes bruke peparkakeformer til å støype julefigurar til å hengje på juletreet.

Musikkforslag 🎵

  • Plastic hearts – Miley Cyrus

  • Hydrocarbone – Mara Tremblay

ENØK-tilpassa peparkakehus (2–4 timar)

Bygg peparkakehus og bruk husa til å undersøkje ENØK-tiltak.

Nærbilete av peparkakehus med mykje pynt. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Gjennomføring

  1. Kjøp eit ferdig peparkakehusbyggjesett eller lag dykkar eige hus frå botnen av (set av mykje tid!).

  2. Set saman huset etter tilvisinga på pakken.

  3. Diskuter korleis de kan måle varmetap i eit peparkakehus.

  4. Undersøk kor godt huset held på varmen, utan spesielle ENØK-tiltak.

  5. Gjer ENØK-tiltak på huset, slik at det held betre på varmen. Kven gjennomfører dei beste tiltaka? Avklar kva som skal vere "lov" å gjere.

Tips! Viss skulen har tilgang til varmekamera, kan det vere gøy å ta bilete av husa. Plasser ei varmekjelde inne i husa og ta bilete før og etter ENØK-tiltaka for å sjå kva effekt tiltaka har.

Musikkforslag 🎵

  • My house – Flo Rida

  • Jul, jul, (varme) strålande jul – Sissel Kyrkjebø og Odd Nordstoga

Kva drikkebeger er best til julegløggen? (2 timar)

Tenk dykk at de skal servere julegløgg til eit bestemt høve. Det er viktig at gløggen held seg varm, samtidig som det skal vere behageleg å halde i koppen. Kva type drikkebeger skal de bruke?

To glas med gløgg og småkaker i forgrunnen, peisbål i bakgrunnen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Gjennomføring

I lenkja under ligg eit opplegg der de skal planleggje og gjennomføre eit forsøk for å finne ut kva type kopp som eignar seg. Opplegget tek utgangspunkt i at de bruker dataloggar, men det kan òg gjennomførast utan.

Val av drikkebeger (naturfag.no)

Tips! Tilpass oppdraget til det utdanningsprogrammet elevane går på, til dømes:

Helse- og oppvekstfag:

De skal servere gløgg til foreldra når dei kjem for å hente barna i barnehagen. Kva koppar bør vi bruke for å vareta tryggleiken, samtidig som gløggen skal halde seg varm?

Sal, service og reiseliv:

De skal servere gløgg utanfor butikken. Kva koppar bør vi bruke for å gi eit eksklusivt inntrykk, samtidig som koppen skal halde seg varm?

Musikkforslag 🎵

  • Cups – Anna Kendrick

  • Hot N Cold – Katy Perry

Hevemiddel i julebaksten (3–4 timar)

Jula er den tida på året då obskure hevemiddel som natron, hjortetakksalt/hornsalt og bakepulver kjem fram frå plassen sin bakarst i kjøkkenskapet. Dette er ei god moglegheit til å få erfaring med stoff og eigenskapar, og samtidig komme i julestemning.

Goro-småkaker ligg på ein tallerken. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Gjennomføring

I lenkja under finn de mykje informajon om hevemiddel og forslag til to julekaker de kan bake for å undersøkje effekten av ulike hevemiddel.

Julekakekjemi – og litt fysikk (naturfag.no)


Musikkforslag 🎵

  • You Raise Me Up – Josh Groban

  • Det hev ei rose sprunge – Helen Bøksle/Odd Nordstoga/Sissel Kyrkjebø

Lag dine eigne julegåver (2–4 timar)

Det er vel få ting som er så gøy som å gi bort noko du har laga sjølv? Her er tips til nokre gåver de kan lage i naturfagtimane.

Nærbilete av innpakka julegåver. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Julegaveidéar

Musikkforslag 🎵

The greatest gift of all – Dolly Parton og Kenny Rogers

Gift of a friend – Demi Lovato

Lykke til med juleførebuingane!

Vi håper vi har klart å inspirere dykk til juleaktivitetar som har fagleg innhald, og som gir både julestemning, skaparglede og lærelyst!

God jul! 🎅

PS! Viss de har tips til andre juleaktivitetar som passar til naturfagtimane, tips oss gjerne. Bruk hjelp-knappen nedst til høgre eller send oss ei melding på NDLA naturfag på Facebook.

CC BY-SASkrive av Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 04.12.2021

Læringsressursar

Læringsråd