Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Forsøk: Lag din eigen sjampo

Bli kjend med stoffa som blir brukte i sjampo og lag din eigen.
Fire kvite sjampoflasker stilte opp ved sida av kvarandre. Foto.

Bakgrunn

Den viktigaste bestanddelen i sjampo er såpestoff. Molekyla til såpestoffa (tensida) blir kjenneteikna ved at dei har ein vassløyseleg (polar/vatnelskande) del og ein lang feittløyseleg (upolar/vatnavstøytande) del.

Framgangsmåte

  1. Mål opp 160 ml destillert vatn i den store målesylinderen. Overfør vatnet til eit reint 200 ml begerglas.
  2. Mål opp 25 ml sulfat i ein målesylinder.
  3. Mål opp 25 ml perlemorsulfat i den andre målesylinderen.
  4. Veg opp 5 g natriumklorid (NaCl) i eit beger.
  5. Hell løysingane med sulfat og saltet over i vatnet. Rør heilt til det har vorte ei einsarta løysing (homogen blanding).
  6. Set begerglaset i vassbad og varm opp til 60 °C under forsiktig omrøring.
  7. Ta begerglaset opp av vassbadet og lat det avkjølast til 25 °C utan omrøring. For å få avkjølinga til å gå raskare kan de setje begerglaset i eit kaldt vassbad.
  8. Tilset 1,5 ml pantenol og duft (cirka fem dropar). Bland det godt saman med sjampoen frå punktet over.
  9. Fordel sjampoen på flasker. Lag etikettar.
  10. Prøv ut sjampoen. Samanlikn med sjampo som er kjøpt i butikk eller i salong.

Resultat

Gi ei kort vurdering av eigenskapane til sjampoen din, samanlikna med sjampoen frå butikken eller frisøren.

Vidare arbeid

  1. Finn ut korleis såpestoff verkar reingjerande.
  2. Vel to av stoffa i utstyrslista. Finn ut meir om dei.
  3. Mål pH-verdien i sjampoen. Finn ut kva betyding pH-verdien har i ein sjampo.
  4. Vurder om sjampoen de har laga, tilfredsstiller krava til nokon av desse merkeordningane:

    • Miljømerket Svanen
    • NAAF (Noregs Astma- og Allergiforbunds merkeordning)
    • Ø-merket (økologisk)
    Du kan finne ut kva krav som gjeld for dei ulike ordningane, på Forbrukarrådets merkeoversikt.
  5. Foreslå endringar i sjampo og emballasje som vil gjere produktet meir berekraftig.
CC BY-SASkrive av Arvid Jenssen.
Sist fagleg oppdatert 17.08.2020

Læringsressursar

Stoff og materiale