Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Forsøk: Vi undersøker hudpleieprodukt

Undersøk pH i vanlege hudpleieprodukt, og finn ut om dei held hudas naturlege pH.
Ei hand held ein boks med krem. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Føremål

I dette forsøket skal de undersøke hudpleieprodukt som vi bruker til dagleg.

Bakgrunn

Hudas gjennomsnittlege pH er 5,5. Feil bruk av hudpleieprodukt kan øydelegge hudas naturlege pH.

Utstyr

  • pH-strips eller pH-meter
  • hudpleieprodukt som elevane sjølv har teke med
pH papir. Foto.

Framgangsmåte

  1. Mål pH-en i produktet ved å dyppe stripsen nedi produktet.
  2. Finn pH-en ved å samanlikne stripsen med skalaen på pakninga.

Resultat

  1. Lag ein pH-skala og set inn pH-verdien på dei produkta klassen har teke med.
  2. Lag ein tabell der de legg inn følgande opplysningar om to av produkta:

    1. Kva skal produktet brukast til?
    2. Korleis skal produktet brukast?
    3. Kva "oppnår" ein når ein bruker dette produktet?
    4. Kan produktet gi allergiske reaksjonar?
    5. Er produktet miljøvennleg?
pH-skala i fargar med ulike hushaldsartiklar. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåver og diskusjon

  1. Forklar kva ei syrekappe er, og korleis ho blir danna.
  2. Kva meiner vi med normalflora?
  3. Kvifor er det så viktig at hudas pH er 5,5 og ikkje nøytral (pH = 7)?
  4. På kva måte kan vi forstyrre normalfloraen og øydelegge syrekappa?

Vidare arbeid

Bruk dei følgande nettsidene til å finne ut meir om paraben, og jobb med oppgåvene.

  1. Finn ut kva paraben er.
  2. Kva skade kan desse parabena gjere?
  3. Finn de nokon av desse parabena i dei produkta de har undersøkt?
  4. Tenk dykk at de kan velje mellom å kjøpe ein av desse hudkremane:

    1. billeg hudkrem med paraben

    2. dyr hudkrem utan paraben

    Hudkremane er elles heilt like. Kva hudkrem ville de ha valt? Diskuter.

Relatert innhald

Huda vår er heile tida utsett for ytre påverknader, men arv, miljø og livsstil er òg faktorar som verkar inn på tilstanden til huda.

CC BY-SASkrive av Mette Sunde Kleive og Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 22.04.2020

Læringsressursar

Stoff og materiale