Hopp til innhald

Fagstoff

Bruk av tankekart

Tankekart kan være eit verktøy du kan bruke når du skal oppsummere og pugge større tekstar. Tankekart kan brukast til å løyse problem. Eit tankekart er eit godt hjelpemiddel for idémyldring og idéutvikling.
Concentrated on mind mapping
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tankekart som puggeverktøy

Dersom du for eksempel skal ha prøve om fornybar energi, kan du lage deg eit tankekart:

  • Begynn med å skrive ”Fornybar energi” i midten av tankekartet ditt.
  • Teikne greiner til dei ulike typane fornybar energi, som vindkraft, vasskraft og solkraft.
  • Ut frå desse greinene kan du for eksempel skrive ”Fordelar” og ”Ulemper” og notere fordelar og ulemper med dei forskjellige typane energi og kor utbreidde dei er.

Når du så skal ha prøva, kan du hente fram tankekartet ditt igjen. Med eit raskt blikk får du oversikt over temaet.

Tankekart i idémyldring

Når du skal lage eit tankekart for idémyldring eller idéutvikling, er det naturleg å begynne med eit problem eller ei problemstilling i midten av tankekartet. Ut frå midten teiknar du så greiner med løysingar eller sider ved problemet.

  • Teikn kurva greiner ut frå midten.

  • Skriv eitt ord på kvar grein.

  • Hald fram med fleire nivå på stadig tynnare greiner.

  • Erstatt ord med teikningar dersom det er mogleg.

  • Skriv ned alle tankane og ideane som kjem fram.

Tankekart med hjerne. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tenk deg at du skal utvikle ein forretningsplan for ei ungdomsbedrift saman med nokre klassekameratar. De skal selje pizza til skolekantina, som så skal selje han vidare til elevane. Eit tankekart kan de lage slik:

  1. Begynn med å skrive konseptet så kortfatta som mogleg i midten av tankekartet, for eksempel: ”Sal av pizza til kantina”.
  2. Teikne greiner ut til dei ulike aspekta av verksemda, for eksempel innkjøp av råvarer, kontrakt med kantina, eventuelle seinare utvidingar av verksemda, og så vidare.
  3. Ut frå desse greinene kan alle få vere med og foreslå viktige nøkkelpunkt, fordelar, ulemper, alternative løysingar og så vidare.

Etterpå kan de fordele oppgåver og ansvar. Tankekartet gir ei god oversikt over kva dei ulike ansvarsområda inneheld. Dermed blir det lett å sjå kva som passar best for kvar og ein av dykk. Kanskje ser de samanhengar mellom område og delar av bedrifta som de ikkje har tenkt over tidlegare.

Tankekart for problemløysing

Det er fint å bruke tankekart til problemløysing fordi du kan strukturere alle alternative moglegheiter og hindringar på ein naturleg måte. Etterpå blir det lett å velje ut det du skal jobbe vidare med for å løyse problemet. Du kan også utvide tankekartet etter kvart som du oppdagar nye moglegheiter og hindringar for problemløysinga. Tankekartet gir deg ei visuell oversikt over kva du kan gjere for å løyse problemet.

Mange liker å bruke organiske, krokete greiner og mange fargar når dei lagar tankekart. Tony Buzan meiner dette er lurt fordi hjernen liker mjuke former og fargar. Om det passar for deg, må du sjølv finne ut, men det er ingen grunn til ikkje å jobbe litt for å få til eit utførleg tankekart når du først er i gang.

Drøfting av tankekart som konsept

Det er svært omdiskutert om tankekart eignar seg for alle.

Det viktigaste er at ein sjølv finn ut kva teknikkar ein liker best, for så å bruke dei på den måten som fungerer best for ein sjølv.

Tony Buzan hevdar at fordelen med å bruke tankekart er at det samsvarer med måten hjernen koplar saman informasjon på. Han meiner at hjernen ikkje ”tenkjer” i form av strukturerte lister, men ved hjelp av bilete og assosiasjonar.

Ekspertane er ikkje einige om tankekart eignar seg for alle, men du bør absolutt teste ut om det er noko for deg.

Oppgåve


Du skal vurdere nytteverdien av tankekart i faga.

  1. Lag ei liste over dei faga du har.
  2. Ordne faga i rekkjefølgje etter kor stor nytteverdi du trur tankekart kan ha.
  3. Det faget du trur tankekart er mest nyttig for, skal stå øvst på lista.
  4. Det faget du trur tankekart er minst nyttig for, skal stå nedst på lista.
  5. Ta for deg ei oppgåve du nyleg har gjort i det faget som står øvst på lista. Lag eit tankekart på papir for denne oppgåva. Kjem du på fleire idear no?
  6. Vil du bruke tankekart neste gong du får ei oppgåve i dette faget?
  7. Diskuter desse spørsmåla med éin eller fleire elevar i klassen.
  8. Ville dei ha sett opp den same prioriterte lista?
  9. Prøv for eksempel bubbl.us neste gong du lagar tankekart.

Relatert innhald

Naturfag er eit vidt fagfelt med mange ulike disiplinar. Korleis skal ein kunne tileigne seg dette innanfor ramma av skulefaget naturfag?

CC BY-SASkrive av Even Sandvold Roland.
Sist fagleg oppdatert 11.10.2017

Læringsressursar

Læringsråd