Hopp til innhald

Dokumentarfilm

Spaceship Earth

Spaceship Earth er ein utruleg dokumentar om eit eksperiment frå 1991, der åtte menneske skulle leve i ein lukka biosfære i to år.

Om filmen

I 1987 byrja arbeidet med å byggje ein enorm kopi av økosystemet på jorda i eit laboratorium i Arizona. I denne lukka biosfæren fanst alt frå regnskog til korallrev. Hensikta var å utforske moglegheita for å kunne nytte slike biosfærar på andre planetar i framtida.

For å teste dette ytterlegare vart det gjort eit eksperiment i 1991, der åtte menneske skulle leve heilt sjølvforsynte i den lukka biosfæren i to år. Denne dokumentaren følgjer den utrulege reisa til desse menneska inn i den to-årige isolasjonen frå omverda.

Spaceship Earth vart nominert til Grand Jury Prize på Sundance Film Festival i 2020.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Ida Marie Stokkelien og Tina Andersson. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 04.03.2021

Læringsressursar

Miljø