Hopp til innhald

Dokumentarfilm

Pingvinenes marsj

I Pingvinenes marsj får du vite kvifor keisarpingvinane i Antarktis legg ut på ein fleire veker lang marsj over isen i byrjinga av mars. Filmen er regissert av franskmannen Luc Jacquet.

Om filmen

I mars kjem keisarpingvinane opp på land i Antarktis. I månadene før har dei levd i havet og ete kril, fisk og blekksprut. Det tek berre nokre få dagar før alle keisarpingvinane er samla. Dei skal no leggje ut på ei lang og kald reise sørover, bort frå det opne havet der dei kan finne mat.

Keisarpingvinane spaserer over det frosne havet i vekevis. Det er eit mysterium korleis dei klarer å finne vegen til reisemålet – hekkeplassen der dei alle saman sjølv blei fødde ein gong.

Oscar

Pingvinenes marsj vann i 2006 Oscar i kategorien beste dokumentarfilm. Filmen har òg vunne ei rekkje andre gjæve filmprisar.

CC BY-SASkrive av Tina Andersson. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 10.03.2022

Læringsressursar

Miljø