Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Oppgåver til filmen Spaceship Earth

I 1991 seier åtte personar farvel til verda utanfor og lèt seg stenge inne i eit gigantisk terrarium i to år. Dei må sjølv dyrke alt dei treng av mat, utan tilførsel av næringsstoff, vatn og oksygen utanfrå.

Før de ser filmen

  1. Kva trur de blei dei største utfordringane for dei som deltok i dette eksperimentet?
  2. Tenk dykk at de fekk tilbod om å vere med. Kva ville de svart? Forklar.
  3. Trur de dei klarer å gjennomføre eksperimentet slik dei hadde planlagt? Forklar kvifor / kvifor ikkje.

Etter at de har sett filmen

  1. Beskriv kort bakgrunnen for at personane i filmen finn saman. Kva andre prosjekt set dei i gang før dei endar opp i Biosphere 2?
  2. Kva er bakgrunnen for at dette prosjektet (og fleire av dei andre prosjekta til gruppa) blir sett i gang?
  3. Kvifor blei prosjektet kalla Biosphere 2? Kva er biosfæren?
  4. Den norske arkeologen og eventyraren Thor Heyerdahl var involvert i nokre av dei andre prosjekta til gruppa vi følger i filmen. Finn ut kva Thor Heyerdahl var kjend for. Kvifor var det relevant for gruppa å ha kontakt med Heyerdahl?
  5. Gi døme på økosystem som finst i Biosphere 2. Er alle desse økosystema naudsynte for at Biosphere 2 skal fungere som ein sjølvstendig biosfære? Forklar.
  6. Kva for nokre økologiske prinsipp etterlikna dei i Biosphere 2?
  7. Det blir gjort eit poeng av at Biosphere 2 er eit lukka system. Argumenter for at systemet ikkje er lukka. Samanlikn med jorda. Er ho eit lukka system?
  8. Jordbruksarealet i Biosphere 2 var på omtrent 13 dekar (13 000 m2). Dette var nok til å brødfø åtte personar. I Noreg kan omtrent 3 000 000 dekar brukast til å dyrke matkorn. Ta utgangspunkt i desse tala, og rekn ut kor mange personar kornarealet i Noreg teoretisk sett kan gi mat til. Kommenter kva føresetnader de legg til grunn for utrekningane.
  9. Tenk deg at heile Biosphere 2 blei flytta, til dømes til planeten Mars eller til månen.
    • Korleis vil miljøforholda utanfor Biosphere 2 vere då?
    • Kva endringar må gjerast?
    • Kva vil vere den største utfordringa, trur du?
  10. Etter kvart får prosjektet ein del kritikk. Kva går kritikken ut på?
  11. Var prosjektet vellykka, synest du? Grunngi svaret ditt. Kva fekk ein ut av prosjektet?

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 26.11.2020

Læringsressursar

Økologi