Desse oppgåvene tek for seg hovudpunkta i emnet «Klimaendringar og mangfald».
Oppgåve 1. Konsekvensar av klimaendringar
Oppgåve 2. Naturleg utval
Oppgåve 3. Finn forklaringar på orda
Oppgåve 4. Døme på evolusjon
Oppgåve 5. Lag samandrag
Oppgåve 6. Fleirvalsoppgåver om tilpassing
Oppgåve 7. Øvingsoppgåver
- Kvifor døydde dinosaurane ut for omtrent 65 millionar år sidan?
- Gi døme på moglege effektar klimaendringar kan ha i Noreg.
- Kva kan artar gjere for å tilpasse seg klimaendringar?
- Kvifor vil nokre artar ha problem med å kunne flytte til andre område for å unngå klimaendringar? Gi døme.
- Kva er fenotype?
- Kva er genotype?
- Kva er forskjellen på fenotypiske og genotypiske endringar?
- Kva faktorar påverkar fenotypen til eit individ?
- Gi døme på korleis artar tilpassar seg miljøet dei lever i, utan at det skjer ei endring i genmaterialet til arten.
- Korleis kan det vere ein fordel å ha stort genetisk mangfald når ein art må tilpasse seg klimaendringar?
- Kva meiner vi med evolusjon?
- Fenotypiske endringar kan gi opphav til evolusjon. Forklar korleis dette kan gå føre seg.
- Korleis kan endringar i åtferd hos ein art skape problem for andre artar? Forklar og gi døme.
- Kva mekanismar kan gi opphav til evolusjon?
- Bruk figuren under til å forklare naturleg utval.
- Gi døme på artar som har gjennomgått evolusjon på relativt kort tid.
- Per i dag er ikkje klimaendringar den største trusselen mot det biologiske mangfaldet. Kvifor er det likevel så stor merksemd retta mot effekten av klimaendringar?
CC BY-SASkrive av Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 28.08.2020