Hopp til innhald

Fagstoff

Spelereglane i demokratiet

Stortinget, som vårt øvste folkevalde organ, er den lovgivande makta i Noreg. Det vil seie at Stortinget vedtek, forandrar og opphevar lovene som gjeld i Noreg. Det er fleire lover som på ulike måtar regulerer yrkesutøving, der arbeidsmiljølova er den viktigaste.

Demokrati

Demokrati betyr "folkestyre", og den aller mest demokratiske styringsforma ville vere eit direkte demokrati der kvart individ fekk vere med på å ta alle politiske avgjerder. Dette lar seg naturlegvis ikkje gjennomføre i større samfunn. Løysinga blir representativt demokrati, der vi vel politiske representantar som får makt til å ta avgjerder på våre vegner.

Det er lovene som fastset korleis landet vårt skal styrast, og dei forpliktar både staten og individa. Men i eit demokrati har vi plikter som strekker seg lenger enn til berre å overhalde lover og reglar. Skal eit demokrati fungere, må individa delta i det politiske livet.

Deltaking i det politiske livet betyr mellom anna at vi bruker stemmeretten. Og for å kunne stemme må vi setje oss inn i og ta stilling til ein del politiske spørsmål.

Kjenneteikn på eit demokrati

  • Viktige politiske vedtak blir fatta av valde representantar.
  • Politiske representantar blir valde i hyppige og rettferdige val.
  • (Nesten) alle vaksne har stemmerett.
  • (Nesten) alle vaksne kan veljast til eit verv.
  • Folk kan uttale seg om politikken i landet utan å risikere forfølgingar.
  • Det finst alternative informasjonskanalar som folk kan nytte seg av, og som blir verna av lova.
  • Folk har rett til å danne uavhengige organisasjonar med omsyn på å forandre politikken i landet.
Fleire stemmeavlukke står på rekke i eit stemmelokale. Ei kvinne er på veg bort frå eit stemmeavlukke med ein stemmesetel i handa. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Lover som regulerer yrkesutøving

Spelereglane i arbeidslivet blir styrte av lover som blir vedtekne av Stortinget. Sidan Stortinget blir demokratisk vald gjennom stortingsval kvart fjerde år, kan vi seie at demokratiet regulerer yrkesutøvinga gjennom ulike lover. Nedanfor er ei opplisting av dei viktigaste lovene som set premissar for yrkesutøving innan tryggingsarbeid og administrativt arbeid:

Relatert innhald

I velferdsstaten Noreg spleiser vi på mange gode som alle nyt godt av. Alle betaler skattar og avgifter, og alle får nytte offentlege tenester.

CC BY-SASkrive av Trude Løvskar og Tone Hadler-Olsen. Rettshavar: Senter for nye medier, Høgskolen i Bergen
Sist fagleg oppdatert 04.08.2023

Læringsressursar

Yrkesutøving