Hopp til innhald

Fagstoff

Spleiselaget som løner seg

I velferdsstaten Noreg spleiser vi på ei rekkje gode som alle nyt godt av. Alle betaler skattar og avgifter, og alle får nytte offentlege tenester. Poenget med denne ordninga er å jamne ut skilnader i levestandard.

Skatt

Alle som tener meir enn ca 70.000 kroner i året har plikt til å betale skatt, og dei som tener minst har den lågaste skatteprosenten. Skatten du betaler gir pengar i statskassa. I tillegg til skatten betaler du avgifter, der meirverdiavgifta utgjer mest. Dette er det vi kallar "momsen": 25% av det ein betaler for ei vare eller ei teneste, går på denne måten til fellesskapet. Dette er økonomiske plikter du har som samfunnsborgar i ein velferdsstat.

syk kvinne
Opne bilete i eit nytt vindauge

Velferdsstaten

Blir du sjuk i velferdsstaten Noreg, får du sjukepengar frå Folketrygda. Slik slepp du å oppleve at du må selje huset eller bilen dersom du er ute av stand til å jobbe i ein periode. Treng du legehjelp, er dette nesten gratis. Det kostar staten mange tusen kronar i døgnet viss du skal fjerne blindtarmen og blir liggjande på sjukehus, men du betaler ingenting.

Utdanning er òg gratis. Frå første klasse på barneskulen til du har fagbrev som snikkar eller mastergrad i psykologi – alt er gratis, og i tillegg får du lån og stipend frå Lånekassen som dekkjer mange av levekostnadene dine i studietida.

I tillegg til helse og utdanning, betaler staten for vegar, forsvar, politi og rettsvesen. Og frå statsbudsjettet går store summar til å støtte barnehagedrift, media, kultur, forsking, fritidstilbod, drift av idrettshallar og mange andre tiltak. Dessutan driv staten ordningar for menneske som elles kunne ha falle utanfor samfunnet fordi dei blir gamle eller misser jobben.

CC BY-SASkrive av Trude Løvskar. Rettshavar: Senter for nye medier, Høgskolen i Bergen
Sist fagleg oppdatert 10.07.2017

Læringsressursar

Yrkesutøving