Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Yrkesutøving og spelereglar i demokratiet

Kva vi kan gjere i arbeidslivet, er påverka av spelereglane i demokratiet. Både bedrifter og enkeltpersonar må ta omsyn til lovene og reglane i samfunnet. Korleis er akkurat din bransje regulert av offentlege lover og reglar?

Spelereglane i demokratiet

Noreg er eit demokratisk land med folkestyre, der norske borgarar over 18 år kan stemme og stille til val. Dette vil seie at alle har rett og moglegheit til å delta i utforminga av spelereglane for samfunnet vårt. I tillegg er samfunnet vårt bygd opp med ytringsfridom, organisasjonsfridom og likestilling.

Yrkesutøving i Noreg er regulert av ei rekkje spelereglar. Noregs lover er dei overordna reglane, og så har vi ulike forskrifter i tillegg til bedriftene sine eigne reglar.

Oppgåve 1

  1. Kva lover bør du kjenne til for yrket du utdannar deg til? List opp lovene og forklar korleis dei er relevante for yrket ditt.

  2. Vel ei relevant lov for det framtidige yrket ditt. Vel ut nokre aktuelle paragrafar og forklar korleis dei påverkar korleis du skal utøve yrket ditt.

  3. Kan du nemne nokre lover som er viktige å kjenne til om du skal starte di eiga bedrift innanfor den bransjen du utdannar deg til?

Oppgåve 2

Er det lover og reglar for yrket ditt som har «gråsoner», eller som kan skape etiske dilemma? Gi døme og forklar.

Kjelder

Store norske leksikon; Demokrati

CC BY-SASkrive av Cecilie Lund.
Sist fagleg oppdatert 04.02.2022

Læringsressursar

Yrkesutøving