Hopp til innhald

Fagstoff

Normer, verdiar og haldningar

Eitkvart samfunn er basert på visse grunnleggjande normer og verdiar. Normer, verdiar og haldningar er sentrale omgrep i etikken. Men kva betyr dei eigentleg?
Portrett av Therese Johaug med sitatet "Eg vil først starte med å seie at eg er heilt knust. Vanvitig fortvila og forbanna. Situasjonen er for meg heilt ubeskriveleg, og det finst ikkje ord som beskriv kor jævlig eg har hatt det i ei veke no." Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Sommaren 2016 blei Therese Johaug, ein av Noregs mest profilerte skiløparar, teken for doping. Denne saka fekk stor merksemd. Doping bryt med mange grunnleggjande verdiar i idretten, som sunnheit, ærlegdom og rettferd (fair play), og det blei stilt spørsmål ved Johaug sine haldningar.

Det kom raskt fram at Johaug hadde brukt ein leppekrem som inneheldt eit forbode stoff. Ho hadde fått leppekremen av legen sin og visste derfor ikkje sjølv at ho gjorde noko gale. Leppekremen var heller ikkje eigna til å hjelpe henne å prestere betre. Sidan ho ikkje medvite hadde forsøkt å jukse, meinte mange at ho ikkje hadde brote med dei grunnleggjande verdiane som idretten er bygd på. Det var heller ingen grunn til å stille spørsmål ved Johaug sine haldninger. Mange i Noreg meinte derfor at Johaug ikkje burde bli dømd for doping.

Ifølgje dei normene og reglane som gjeld i idretten, er likevel einkvar idrettsutøvar sjølv ansvarleg for det dei sjølv tilfører kroppen. Johaug blei derfor dømd til 18 månaders utestenging frå konkurranse av Det internasjonale skiforbundet.

Normer

Noko av det viktigaste vi lærer når vi veks opp, er korleis vi skal oppføre oss mot andre. Vi lærer kva som er rett og kva som er gale. Vi lærer at det er gale å lyge og stele eller slå, og at det er riktig å dele, vise omtanke og hjelpe kvarandre. Desse reglane, påboda eller forboda kallar vi normer.

Normer er forventningar til korleis vi skal oppføre oss. Normene kan vere nedskrivne som Noregs lover. Då kallar vi dei formelle normer. Dei kan også vere uskrivne reglar baserte på til dømes tradisjonar og skikkar. Då kallar vi dei uformelle normer. Viss du følgjer normene, får du gjerne ros, anerkjenning eller andre former for påskjøning. Viss du derimot bryt normene, vil du bli møtt med negative sanksjonar som kan variere frå fengselsstraff til kjeft og stygge blikk.

Mange normer forandrar seg over tid. Eit døme er seksuelle normer i Noreg. For hundre år sidan tilsa normene at det var umoralsk å få barn utan å vere gift. Det var også uhøyrd å ha eit seksuelt forhold til ein person av same kjønn. I dag tenkjer dei fleste av oss at begge delar er heilt ok.

Andre normer er meir stabile. Normer som at du ikkje skal stele eller lyge, finn vi att i dei ti boda i Det gamle testamentet, og den gylne regelen finn vi att i mange ulike religionar og kulturar.

Elevar jobbar med skriftleg eksamen på PC i ein stor treningshall. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Verdiar

Ein viktig funksjon for normene er å beskytte og ta vare på det vi ser på som er viktig og verdifullt i samfunnet, verdiane våre. Verdiar er grunnleggjande oppfatningar som styrer vala våre, til dømes rettferd, likestilling, ærlegdom eller solidaritet.

Ein grunn til at mange i Noreg reagerte på dopingdommen mot Therese Johaug, var det manglande samsvaret mellom normer og verdiar. Sjølv om Johaug hadde brote ein formell norm (regelverket for doping), så hadde ho ikkje forsøkt å jukse eller oppnådd nokon fordelar. Ho hadde derfor ikkje brote med dei grunnleggjande verdiane som regelverket skulle beskytte.

Instrumentell verdi og eigenverdi

Vi kan skilje mellom to ulike typar verdiar: instrumentell verdi og eigenverdi.

Viss noko har instrumentell verdi, er det verdifullt fordi det kan hjelpe oss med å oppnå noko anna. Ein pengesetel har til dømes ingen verdi i seg sjølv, men han kan vere eit middel for å kjøpe noko som kan gi oss nyting eller betre helse.

Viss noko har eigenverdi, eller ibuande verdi, har det ein verdi i seg sjøv. Det er verdifult for sin eigen del og ikkje som eit middel for å oppnå noko anna. Kva som har eigenverdi, er det stor ueinigheit om. Nokre forslag er lykke, nyting, sanning, kunnskap og skjønnheit. Dei fleste er einige om at mennesket har eigenverdi, men det er ueinigheit om kva slags verdi planter, dyr og naturen rundt oss har.

Haldningar

Haldninger handlar om innstillingane dine til ein situasjon. Det er stabile personlegdomstrekk som gjer at du tenkjer, handlar og føler på ein bestemt måte. Haldningane dine seier noko om kva slags person du er.

Rettferd er ein verdi, men å vere ein rettferdig person er ei haldning. På same måten er hjelpsemd og ærlegdom verdiar, mens det å vere hjelpsam eller ærleg er haldningar.

Ei smilande jente med gullmedalje. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Viktige omgrep

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Karl Henrik Aanesen.
Sist fagleg oppdatert 01.12.2021

Læringsressursar

Yrkesutøving