Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Diskuter i klassen

Her får de fleire oppgåver de kan bruke for å diskutere temaet service og kundebehandling i fellesskap i klassen.

Oppgåve 1. Film

Sjå filmen om kundebehandling i ferskvareavdelinga. Diskuter dei følgjande spørsmåla i klassen.

  1. Kva slags service synest de kunden fekk i denne filmen?

  2. Kva slags kroppsspråk nyttar ferskvarehandlaren?

  3. Korleis synest de kommunikasjonen mellom ferskvarehandlaren og kunden artar seg?

Oppgåve 2. Ordsky

  1. Diskuter i klassen kva profesjonalitet inneber i serviceyrke. Er det forskjell på kva som er viktig for ein servitør og ein ferskvarehandlar?

  2. Lag ei ordsky basert på eigenskapar de meiner ein god servicemedarbeidar bør ha innanfor to av yrka i restaurant- og matfag. De kan gjerne skrive dei ut og hengje dei opp i klasserommet med yrkestittelen som overskrift. Tips til verktøy finn de i boksen under.

Lenkjer til digitale verktøy for ordskyer:

WordArt (wordart.com)

WordClouds (wordclouds.com)

WordItOut (worditout.com)

Oppgåve 3. Case

Ein kunde kjøper middag på ein restaurant. Servitøren er hyggjeleg og yter god service, men når maten kjem, viser det seg at biffen er så seig at kunden har problem med å ete han. Kva som skjer no, vil vere avgjerande for korleis kunden vil omtale restaurantbesøket til andre, og for om vedkomande vil oppsøkje denne staden fleire gonger.

Korleis kan restauranten handtere denne situasjonen for at kunden skal sitje igjen med ei god oppleving? Føreslå to alternativ.

  • I par: Diskuter og skriv ned felles løysingsforslag.

  • I klassen: Diskuter forslaga, og bli einige om kva tiltak som gir den beste kundeopplevinga.

CC BY-SASkrive av Jannike Gausdal, Anki Olsen og Tove Knutsen.
Sist fagleg oppdatert 10.11.2021

Læringsressursar

Service