Hopp til innhald

Fagstoff

Personleg service

Service blir vist gjennom det du seier og det du gjer. Når du yter service, yter du personleg service. Når du oppfører deg slik at kunden liker deg, oppfattar kunden det som god personleg service. Rolla di som servicemedarbeidar er viktig for omdømet til bedrifta di.
Kunde luktar på te i ein tebutikk. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Folk er ulike, og alle har vi vår måte å oppføre oss på, òg overfor kundane våre. Det som blir oppfatta som god service av éin kunde, blir ikkje alltid oppfatta som det same av ein annan. Kva som er god og dårleg personleg service, blir med andre ord avgjord av den subjektive oppfatninga til kunden. Uansett er det deg som servicemedarbeidar det kjem an på, ingen andre!

Ansiktet til bedrifta

Hugs at du er ambassadøren til bedrifta di når du snakkar med kunden. Når ho snakkar med deg, oppfattar kunden at ho snakkar med ein representant frå leverandøren. Akkurat der og då er du med andre ord det gode namnet og ryktet til bedrifta di, så ver fullt fokusert og sørg for at kunden får best mogleg service og kundebehandling. Vis at du tek ansvar, og dersom du i tillegg er effektiv og profesjonell i framferda di, kjenner kunden at ho blir teken godt vare på.

Det du seier og det du gjer

Åtferda di er avgjerande for kunden, så ta ansvar for kva du seier og kva du gjer. Generelt kan vi seie at det heile dreier seg om respekt og ein god porsjon folkeskikk. Når du får auge på kunden din, hels på henne og småprat litt, vis henne rett og slett at du bryr deg. Det er alltid hyggjeleg når folk er interesserte i oss, både privat og på jobb. Alle kundar set pris på eit attkjennande nikk og ein hyggjeleg kommentar, til dømes dersom du har sett henne tidlegare eller kjenner henne frå før.

Haldningar

Sentralt i god personleg service er kva haldningar du har til jobben din. Det er viktig at alle som driv med service og kundebehandling, forstår kva innverknad det dei seier og det dei gjer, har på kundane. Det er her kunden får ei oppfatning av kva slags haldningar den tilsette har, og gjennom det kva haldningar dei trur heile bedrifta har. Dette forheld kunden seg til, anten negativt eller positivt.

Ein sur emoji med pil bort til ein blid emoji. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Arbeidsmiljø

Eit godt og positivt arbeidsmiljø er triveleg å jobbe i, både for deg og for andre. Trivsel på jobben er motiverande, og motiverte medarbeidarar er villige til å lære. Motivasjon er nemleg grunnlag for læring. Læring gir utvikling, og utvikling gir meistring. Meistringskjensle og meistringsmotivasjon gir igjen trivsel på jobben.

Når du trivst på jobben, er du meir open, initiativrik og entusiastisk, noko som igjen gir seg utslag i god service. Når du i tillegg beherskar jobben og meistrar utfordringane, yter du òg betre service. Trivsel på jobben fører òg til godt humør og mykje humor. Humor smittar over på både tilsette og kundar, noko som igjen fører til endå betre trivsel og service.

Kompetente medarbeidarar som er motiverte og trivst på jobben, fører til god service, noko som igjen fører til fornøgde kundar. Fornøgde kundar handlar meir og kjem tilbake, igjen og igjen. Kunden tener på gode produkt og tenester, gjort i ein triveleg handel, og bedrifta aukar omsetninga og held på eit godt omdøme. Tenk litt igjennom kva du sjølv kan gjere for å bidra til eit positivt arbeidsmiljø på jobben din.


Kilde

E. Petersen. (2016). Nå dine salgsmål. Universitetsforlaget.

E. Petersen. (2016). Personlig service. Henta frå https://petersen917.wordpress.com/2017/10/16/personlig-service/

CC BY-SASkrive av Eirik Petersen. Rettshavar: Eirik Petersen
Sist fagleg oppdatert 20.05.2021

Læringsressursar

Service