Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Gruppeoppgåve service

I denne oppgåva skal de velje dykk eit fagområde innanfor restaurant- og matfaga og vise døme på god og mindre god service ein kan oppleve her.
To smilande unge kvinner bak disken i eit bakeri. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Gruppeoppgåve

Klassen blir delt inn i grupper som kvar vel seg eitt av fagområda innanfor restaurant- og matfag.

Diskuter i gruppa og kom fram til ulike situasjonar der du kan oppleve både god og mindre god service innanfor dette fagområdet. Det kan vere både materiell service, systemservice, personleg service og sjølvservice.

Gruppa skal velje tre situasjonar og presentere desse for resten av klassen.

Framføring

Vel mellom desse framføringstypane:

  • rollespel
  • film
  • animasjon
  • biletpresentasjon
  • presentasjon i PowerPoint

Arbeidsplan

Lag ein arbeidsplan som viser:

  • val av presentasjonstypar
  • val av situasjonar

  • kven som gjer kva

Refleksjon i klassen

Etter at alle gruppene har presentert for kvarandre, kan de reflektere saman i klassen:

  • Er de stort sett einige om kva de meiner er god og mindre god service?

  • Er det stor skilnad mellom kva slags service som blir forventa innanfor dei ulike fagområda?

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Gro Birgitte Eriksson og Jannike Gausdal.
Sist fagleg oppdatert 27.05.2020

Læringsressursar

Service