Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Berekn matsvinnet

I dette prosjektet skal heile klassen registrere og berekne mat som blir kasta på kjøkkenet i ein periode.
Behaldar med organisk matavfall sett ovanfrå. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kvifor berekne matsvinnet?

Kvart år kastar vi i Noreg tonnevis av etande mat. Matproduksjon er svært ressurskrevjande, og ein reduksjon i matsvinnet vil gi mange positive effektar, både for økonomien og for miljøet i form av mindre klimagassutslepp og avfallsmengder.

Kva skal registrerast?

Styresmaktene definerer matsvinn som "mat som blir kasta, men som på eit tidspunkt kunne eller skulle vore ete av menneske, til forskjell frå uunngåeleg matavfall som bein, skal, produksjonsrestar og liknande".

Det er berre den nyttbare delen av maten de skal registrere. Det vil seie mat som kunne vore eten av menneske, til dømes brokkolistilkar og gammalt brød. De skal ikkje registrere til dømes beinrestar og appelsinskrell. Det skal stå ei vekt ved sida av søppelbøttene, slik at det er enkelt å vege opp maten før han blir kasta.

Gjennomføring

Prosjektet skal gjennomførast ved at klassen registrerer all mat som blir kasta på kjøkkenet i ein gitt periode, til dømes ei veke, 14 dagar eller ein månad. All mat som blir kasta, skal registrerast i ei matkastedagbok, og her må elevane beskrive kva og kor mykje som blir kasta, og dessutan kvifor det blir kasta.

Matkastedagboka kan rett og slett vere ei notatbok, men ho kan òg vere digital, til dømes eit Excel-ark (sjå vedlagd fil). Når perioden er over, skal klassen saman rekne ut kor mykje etande mat som vart kasta, drøfte årsaker og kome med framlegg til tiltak.

Døme på registrering i matkastedagbok:

Kva vart kasta?

Kor mykje? (gram)

Årsak

Restar av kokte poteter

800 gram

Gløymt på kjøla

Kokt skinke

200 gram

Utgått på dato

Agurk

500 gram

Muggen

Filer

Oppgåve 1

Kor mykje mat vart kasta i løpet av perioden? Kva synest de om mengda? Diskuter!

Oppgåve 2

Sjå på årsakene til at maten vart kasta.

  • Kva slags mat vart det kasta mest av?

  • Kvar og når har svinnet oppstått?

Kva tiltak kan hindre dette matsvinnet? Kom med framlegg!

Oppgåve 3

Kva slags konsekvensar trur de svinnet har for økonomien til bedrifta/skulen? Drøft!

Oppgåve 4

Kva slags nytte trur de bedrifter har av å registrere matsvinnet sitt? Trur de det har noko å seie for dei tilsette sine haldningar til kor mykje som blir kasta i ei bedrift?

Kor nyttig opplevde de sjølv at det var å registrere dette matsvinnet?

CC BY-SASkrive av Jannike Gausdal.
Sist fagleg oppdatert 17.08.2021

Læringsressursar

Kalkulasjon og svinn