Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Den lågaste prisen på kort sikt

Med bidragsmetoden kan vi rekne ut den lågaste prisen det er forsvarleg å bruke. Her kjem eit døme på korleis du kan gjere denne vurderinga.
Foto av ein smilande mannleg servitør med oransje forkle som held to tallerkenar. I bakgrunnen er to kokkar på kjøkkenet.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ei bedrift sel 9000 einingar av eit produkt per år. Prisen inklusive meirverdiavgift er 20 kroner. Variable einingskostnader er 12 kroner, og dei årlege faste kostnadene er 60 000 kroner.

  1. Rekn ut dekningsbidrag per eining.
  2. Rekn ut det totale dekningsbidraget.
  3. Kva blir det årlege overskotet?
  4. Kva blir den lågaste prisen bedrifta kan ta på kort sikt?

Bruk gjerne "Kalkylar i Excel" når du løyser oppgåva. Grunngi svaret.

Filer

CC BY-SASkrive av Steinar Madsen.
Sist fagleg oppdatert 23.06.2021

Læringsressursar

Kalkulasjon og svinn