Hopp til innhald

Fagstoff

Kalkylar

Når vi skal bestemme prisen på eit produkt, må vi rekne ut kor mykje produktet vil koste oss. Då set vi opp eit kostnadsoverslag – ein kalkyle.
Foto av to kokkar som sit ved eit bord og diskuterer, med ein iPad, menyar og skrivebøker framfor seg.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I kalkylen må vi ha ei oversikt over kva for kostnader bedrifta har, om dei er faste eller variable, og om dei kan knytast direkte til produktet eller ikkje.

Inntektene må vere større enn kostnadene

For at ei bedrift skal vere lønsam, må inntektene vere større enn kostnadene. For å sikre lønsemda må vi fastsetje rett pris på produkta våre. Vi må utarbeide ein kalkyle.

For å få eit overslag over kostnadene ved eit produkt, til dømes ein middagsrett, lagar vi ein sjølvkostkalkyle eller ein bidragskalkyle. Vi deler kostnadene inn etter korleis dei oppfører seg avhengig av produksjonsmengda:

Faste og variable kostnader

Alle kostnader er anten faste eller variable. Dei faste kostnadene held seg uendra innanfor visse grenser uansett kor mykje eller lite det blir produsert. Døme på faste kostnader kan vere lønskostnader, utstyr, leige av lokale, administrasjon og liknande.

Eit utval av småkaker i eit bakeri. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Dei variable kostnadene varierer avhengig av kor mykje som blir produsert eller selt. Døme er kostnader til råvarer, emballasje, frakt av varer til kundane og så vidare. Når vi produserer meir av ein rett, må vi mellom anna kjøpe inn fleire råvarer, og vi bruker meir straum og fleire arbeidstimar. Løn for arbeidstimar brukte i produksjonen er altså ein variabel kostnad. Løn kan dermed vere ein del av både dei faste og dei variable kostnadane.

Totalkostnaden er summen av faste og variable kostnader.

Direkte og indirekte kostnader

Det er naudsynt å kjenne til skiljet mellom direkte og indirekte kostnader, særleg når vi skal kalkulere prisen på eit produkt eller ein meny. Dei direkte kostnadene er variable og vedkjem berre produksjonen av det produktet vi skal kalkulere prisen på. Vi kan derfor utan vidare belaste produktet for desse kostnadene. Dei vanlegaste direkte kostnadene er råvarer, emballasje, svinn, løn til produksjon og straum til produksjon.

Indirekte kostnader er felleskostnader for bedrifta og kan ikkje førast tilbake til eit bestemt produkt eller ei bestemt produktgruppe. Døme på indirekte kostnader er renter, avskrivingar, hjelpemateriell og løn til funksjonærar og tilsette i vedlikehald og stab.

Meirverdiavgift

For alle varer vi har funne salsprisen på, må vi òg leggje til meirverdiavgift (mva.). Meirverdiavgifta er ein indirekte skatt til staten. Vi reknar meirverdiavgifta i prosent av salsprisen utan meirverdiavgift.

Ein kopp og nokre myntar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

For 2022 er avgiftssatsen generelt 25 prosent. Denne satsen gjeld for dei fleste varer og tenester. Om ein gjest et ein lunsjrett inne på restauranten din, blir dette rekna som ei restaurantteneste, og gjesten må då betale 25 prosent meirverdiavgift.

For næringsmiddel er avgiftssatsen 15 prosent. Den gjeld når du sjølv handlar mat på daglegvarebutikken, og dersom ein gjest kjøper ein lunsjrett av deg og tek han med seg heim i staden for å ete han i salslokalet.

Det er Stortinget som fastset satsane for meirverdiavgift.

Kalkylar

Vi må altså kunne rekne ut kva for kostnader og inntekter produksjonen av eit produkt sannsynlegvis vil gi. Ein kalkyle er ein måte å rekne kostnader og finne prisar på, anten per kilo, per time, per rett eller per oppdrag. Det finst ingen fasit på korleis vi skal setje opp ein kalkyle, men vi skal her presentere to vanlege måtar: sjølvkostkalkyle og bidragskalkyle.

Sjølvkostkalkyle

Hovudmålet for alle bedrifter er å gå med størst mogeleg overskot. Det finst mange andre gode mål òg, men dette er trass alt det viktigaste. Salsprisen bør derfor dekkje alle kostnader og deretter gi forteneste. Når vi sjølve kan bestemme prisen, reknar vi vanlegvis ut prisen slik:

Salspris = summen av kostnader per eining + forteneste.

Dette kallar vi ein rein sjølvkostkalkyle. Han er bygd opp av faktiske kostnader – altså sjølvkost – pluss fortenesta.

Kostnadsart

Innsats

Kostnad

Sum

Variable kostnader

Kaffibønner
Mjølk
Kopp, rørepinne, løn til barista

0,50 kr
0,50 kr
2 kr

3 kr

Indirekte, faste kostnader

Administrasjon
Marknadsføring
Husleige

2,40 kr
0,50 kr
0,10 kr

3 kr

Sjølvkost (VK + FK)

6 kr

Forteneste

10 kr

Salspris utan mva.

16 kr

Salspris med mva. (25 %)

20 kr

Salspris = summen av kostnader per eining + forteneste.

Bidragskalkyle

Realitetane er slik at vi sjeldan kan bestemme prisen heilt sjølve. Dei fleste sel varene og tenestene sine på ein marknad der det er stor konkurranse. Prisen kan då vere gitt i marknaden. Det vil seie at vi ikkje kan oppnå ein høgare pris enn det konkurrentane tek. I slike samanhengar må vi setje eit ekstra søkjelys på kostnadene våre og korleis vi kan prøve å redusere dei.

Gitt salspris = direkte kostnader + dekningsbidraget.

Dekningsbidraget er den delen av prisen som skal dekkje dei faste kostnadene og fortenesta.

Kostnadsart

Innsats

Kostnad

Pris

Variable kostnader

Mjølk
Kaffibønner
Kopp, rørepinne

0,50 kr
0,50 kr
2 kr

3 kr

Utsalspris

20 kr

Dekningsbidrag (dekkjer faste kostnader + forteneste)

17 kr

17 kr

Gitt salspris direkte kostnader = dekningsbidraget.

Vi kan enkelt seie at sjølvkostkalkylen er grunnlaget for å rekne ut ein ideell pris, mens bidragskalkylen er den analysen vi gjer når prisen er fastlagd og vi vil rekne ut om det er nokon vits i å gå i gang med produksjon.

Hugselapp

  • Kalkylar er ein måte å rekne på for å finne kostnader og rett pris.
  • Sjølvkostkalkylen reknar ut kva prisen på ei vare må setjast til for å dekkje alle kostnader og ei viss forteneste.
  • Bidragskalkylen vurderer prisen marknaden er villig til å betale, og ser på det bidraget som salet kan gi bedrifta til dekning av faste kostnader og forteneste.
CC BY-SASkrive av Industriskolen. Rettshavar: NKI Forlaget
Sist fagleg oppdatert 11.05.2022

Læringsressursar

Kalkulasjon og svinn