Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Bedrifta sitt ansikt mot omverda

Måten vi kler oss på, og måten vi behandlar kundar og gjestar på, har mykje å seie for omdømet til bedrifta.
Smilande servitør held ein kortautomat i handa mens ho slår inn noko på kassa. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1

Kva blir meint med uttrykket "bedrifta sitt ansikt mot omverda"?

Oppgåve 2

Forklar føremålet med å nytte uniform.

Oppgåve 3

Ein av gjestane dine vender seg til deg. Ho reagerer på at ein av kollegaene dine har skiten uniform og luktar sveitte. Kva gjer du?

Oppgåve 4

Du er servitør. Det kjem nye gjestar, og dei seier at dei har førehandsbestilt bord til eit selskap med ti personar.

Restauranten er full, og du kan ikkje finne nokon reservasjon.
Korleis kan du rydde opp i denne situasjonen, slik at omdømet til restauranten ikkje blir skadelidande?

Oppgåve 5

Sjølv om du prøver å finne ei løysing, blir dei nye gjestane hissige. Kva gjer du?

Oppgåve 6

Kvifor er det alltid viktig å prøve å tilfredsstille behova til gjestane? Kva kan skje om gjestane blir misnøgde og forlèt restauranten?

CC BY-SASkrive av Jannike Gausdal og Hilde Morseth.
Sist fagleg oppdatert 04.06.2021

Læringsressursar

Service og gjestebehandling