Hopp til innhald

Fagstoff

Eigenskapane til metall

Det er vanleg å dele metalla i lettmetall og tungmetall.
Vidare blir metalla delte i edle og uedle metall, avhengig av evna dei har til å reagere med oksygen.
Gull, sølv og koppar smelta saman til ein klump. Foto
Opne bilete i eit nytt vindauge

Formbarheit og styrke

Dei fleste metalla er seige og lèt seg hamrar eller valse til tynne plater og trekke ut til tynne trådar.

Dei leier varme og elektrisitet, både i fast og flytande tilstand. Dette kjem av at atoma blir haldne saman av sterke krefter. Årsaka er at dei har «mista» elektron som svevar fritt imellom atoma. I ei metallisk binding har atoma mista elektron og blir positivt elektrisk ladde. Eigentleg vil derfor atoma fråstøyte kvarandre som to like magnetpolar, men dei negative elektrona svevar omkring og bind det heile saman som «lim». Kreftene som held atoma saman, er så sterke at tråd på tykkelse med lillefingeren din kan halde ei last på 15 tonn.

Legeringar

Reine metall blir sjeldan åleine brukte, men blir ofte blanda med fleire typar av metalliske grunnstoff i såkalla metallblandingar/legeringar. Årsaka til dette er behovet for å oppnå bestemte eigenskapar i sluttmetallet. I grove trekk kan vi seie at ei legering er ei blanding av metall (to eller fleire stoff der eitt er eit metallisk stoff). Legeringen får andre eigenskapar enn dei opphavlege metalla kvar for seg.

Leiar straum

Det er på grunn av dei frie elektrona at metall leier elektrisk straum. Set vi eit elektrisk spenningstrykk over ein metallstav eller ein kabel, vil dei frie elektrona springe mot positiv pol.

Relatert innhald

Stål er ei legering av jern og karbon som kan smidast.

CC BY-SASkrive av Haldor Hove. Rettshavar: Industriskolen
Sist fagleg oppdatert 03.04.2020

Læringsressursar

Metall