Hopp til innhald

Fagstoff

Metall

Metall er lette å forme, og dei leier varme og elektrisitet. Dette og andre eigenskapar gjer at metall har mange ulike bruksområde.
To personar i verneutstyr løftar eit raudglødande kar mellom seg. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Metalla – viktige før og no

Metalla har vore viktige for oss menneske opp gjennom historia. Gull og sølv var dei første metalla som blei tekne i bruk, fordi dei kunne finnast fritt som klumpar. Nokre metall har vore så avgjerande for teknologiske framsteg at dei har gitt namn til heile tidsepokar, som bronse og jern. Metall blei brukte til smykke, verktøy og våpen. Gull og sølv har òg blitt brukt som betalingsmiddel. I dag blir metall vanlegvis brukt i konstruksjonar og bruks- og pyntegjenstandar.

Diskuter

Kva blir metall brukt til i yrket ditt?

Kva bruker vi metall til i dagleglivet?

Eigenskapar

Metallbinding

Dei aller fleste grunnstoffa er metall. I eit metall blir atoma haldne saman ved at dei gir frå seg elektron til ei felles "sky". Atoma blir då positivt ladde ion som blir tiltrekte av den negativt ladde elektronskya.

Positive metallion er omgitte av negative elektron. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Metallglans

Alle reine metall har ein karakteristisk metallglans. Dei er grå eller sølvkvite, med unntak av kopar som er raudbrunt, og gull som er gult. Karakteristisk for metall er òg at dei er ugjennomsiktige.

Lette å forme

Glødande stål blir valsa og rulla i hop. Foto.

Fordi elektrona i eit metall ikkje er bundne til eitt bestemt enkeltatom, kan laga med metallion lett bli forskyvde i forhold til kvarandre utan at metallet blir svakare. Dermed er det lett å forme metall. Vi kan til dømes lage tynne metallplater ved å hamre eller valse eit metall.

Smykke av gull og forgylt sølv frå vikingtida. Desse smykka er frå Hoenskatten frå Øvre Eiker. Foto.

Leier varme og elektrisitet

Fordi dei har frie elektron, leier metall varme og elektrisitet, både i fast og i flytande tilstand.

Legeringar – fleire metall saman

Reine metall blir sjeldan brukte åleine, men blir ofte blanda med andre metalliske grunnstoff i såkalla metallblandingar/legeringar. Det er fordi ein vil ha bestemte eigenskapar i sluttmetallet. I grove trekk kan vi seie at ei legering er ei blanding av metall (to eller fleire stoff der minst eitt er eit metallisk stoff). Legeringa får andre eigenskapar enn dei opphavlege metalla har kvar for seg.

Bronse er ei metall-legering som består av kopar og tinn. Messing består av kopar og sink.

Lette eller tunge – edle og uedle

Det er vanleg å dele metalla inn i to grupper:

  • lettmetall
  • tungmetall

Lettmetalla har ein tettleik på mindre enn 5 gcm3, mens tungmetalla har ein tettleik som er større enn dette.

metall

Namn

Tettleik,gcm3

Type metall

litium

0,5

lettmetall

magnesium

1,7

lettmetall

aluminium

2,7

lettmetall

bly

11,3

tungmetall

gull

19,3

tungmetall

iridium

22,7

tungmetall

Ein annan vanleg måte å dele inn metall på er etter kor lett dei reagerer med mellom anna oksygen:

  • Edle metall reagerer i lita grad med oksygen, til dømes gull, sølv og platina.
  • Uedle metall reagerer lett med oksygen, til dømes jern, tinn og kopar.

Fordi edle metall ikkje reagerer så lett med andre stoff, kan vi finne dei "fritt" i naturen. Om du leitar på rett stad, kan du finne til dømes gull fleire stader i Noreg.

Kjelde

Pedersen, B. (2019, 30. september). Metall. I Store norske leksikon. https://snl.no/metall

Relatert innhald

Tinn er eit metall som ein har brukt sidan rundt 3000 f.Kr. Det er eit enkelt materiale å handtere og til å lage enkle og fine former med.

CC BY-SASkrive av Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 14.04.2020

Læringsressursar

Metall