Hopp til innhald

Fagstoff

Lettmetall og tungmetall

Kva er eigentleg lette og tunge metall? Og kor blir dei brukte? Her får du ei lita innføring i eigenskapane og bruksområda til metalla.
Ståande felg. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Densitet eller massetettleik

Massetettleik blir her målt i kg/m3. Ein annan måte å seie det same på er kilogram pr. kubikkmeter. Vekt (kg) pr. volum (m3) er ein tredje måte. Er du med så langt?

Land

SI-eINING (Standard International)

Måle-eINING

BLIR MålT i

Noreg

kg/m3

vekt pr. volum

kilogram pr. kubikkmeter

USA

pound(lb)/cubic foot(cu.ft)

vekt pr. volum

pound pr. kubikkfot

Fargestoff

Visste du at vi et gull, sølv og jern? Rett nok i svært små mengder.

“Fargestoffer brukes for å gjøre matvarer mer attraktive og appetittvekkende, og det finnes et utall forskjellige stoffer fra vidt forskjellige kilder. Oransjegule karoten (E160a) kommer fra gulrøtter, og klorofyll (E140) fra planter. Andre fremstilles av metaller, alt fra jernoksider (E172) til sølv (E174) og gull (E175).”
(Stokke, 2014)

På gourmetrestaurantar kan du oppleve å få dessert med bladgull og sjokolademousse. Edelt metall reagerer nemleg ikkje med oksygen, og dette gjer at vi faktisk kan ete det. Gullet i seg sjølv kjem ut at, då kroppen ikkje har nokon nytte av det.

Lettmetall

Ordet lettmetall kjem av at vi deler metall inn i grupper. Gruppene får så si inndeling i vekt pr. volum. Her blir det litt avansert. Densitet, eller massetettleiken til eit stoff eller eit materiale, fortel kor det høyrer heime. Dette kan du forske vidare på i det periodiske systemet.

Lettmetall har låg massetettleik eller låg densitet. Dette betyr det same, men vi bruker ofte forskjellige ord. Det vil også vere forskjellig korleis ulike land viser dette forholdet. Viss du skal samanlikne gull og magnesium – sjå føre deg ein gullring og ein magnesiumfelg til ein sportsbil.

Metall

Gull

Magnesium

Massetettleik (kg/m3)

19 300 kg på ein kubikkmeter (19 300 kg/m3)

1 740 kg på ein kubikkmeter (1 740kg/m3)

Pris

16,85 milliardar kroner kostar denne pr. 2018

Ca. 36 000 kr som ein snittpris ifølgje ein nettstad[1]

Bruksområde

Blingfaktor og statussymbol

Sterkt og lett metall, fly og felgar

Finst / blir mest produsert i

Australia og Sør-Afrika

Kina har over 86 % av all produksjon i verda

Gullbarrer. foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Gull versus magnesium

  • Kor tungt er 1 m3 gull eigentleg?

    • Gull veg nesten 20 tonn pr. kubikkmeter volum (19 300 kg/m3)! Altså 1 m brei *1 m lang *1 m høg kloss av reint gull!
  • Kva kostar 1 m3 med gull?

    • 16,85 milliardar kroner kostar ein kubikkmeter med reint gull. 24 karat eller 999/1000-dels reinleik.
    • Australia og Sør-Afrika har høgaste uttak av gull årleg.
  • Magnesium veg 1,7 tonn pr. kubikkmeter volum. (1 740 kg/m3)

    • Kina aleine hadde i 2011 86 % av verdas produksjon av magnesium. Det er ingen produksjon i EU lenger.
  • Aluminium

    • Flydelar, karosseri og felgar til bilar, båtar/delar, emballasje til mat og drikke. Vidare er det eit stort område innan bygg, anlegg og industri.
  • Magnesium

    • For svært lette og kostbare detaljar på fly og i bilar. Til dømes blir felgar laga av magnesium i svært kostbare bilar/rallybilar, og magnesiumfelgar blir brukte i syklar for proffsyklistar, grunna svært låg vekt.

Link til det periodiske system.

Kjelde:

Stokke, Ole Petter Baugerød (2014). Fremmedordene i ingredienslisten. Henta 8. januar 2019 frå https://www.abcnyheter.no/livet/2014/03/09/195157/fremmedordene-i-ingredienslistene

CC BY-SASkrive av Haldor Hove.
Sist fagleg oppdatert 08.01.2019

Læringsressursar

Metall