Hopp til innhald

Fagstoff

Mediestruktur og tilgang på sann informasjon

Er det ein samanheng mellom mediestruktur og tilgangen på sann og relevant informasjon? Kvifor er kvinnelege journalistar spesielt utsette for truslar om vald og overgrep? Og kva informasjon kan vi stole på i krig?
Journalistane Maria Ressa og Dmitrij Muratov tek imot Nobels fredspris i Oslo. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ytringsfridommen er under press

En fri, uavhengig og faktabasert journalistikk beskytter mot maktmisbruk, løgn og krigspropaganda.

Orda vart uttalte av Nobelkomiteen i 2021. Det er grunngivinga for å gi fredsprisen til dei modige journalistane Maria Ressa i den filippinske nyheitstenesta Rappler og Dmitrij Muratov i den russiske avisa Novaja Gazeta. Nobelkomiteen understrekar korleis ytringsfridom og kvalitetsjournalistikk er føresetnader for demokrati og varig fred.

Dette er viktige utsegner i ei tid då ytringsfridommen er under press mange stader, og desinformasjon og falske nyheiter florerer.

Pressefridomsindeksen

Kvart år lagar organisasjonen Reporterar utan grenser ei oversikt over pressefridommen i 180 av dei 192 landa i verda.

Indeksen er basert på ei grundig undersøking som består av 87 detaljerte spørsmål om tema som mediemangfald, sjølvstende, sjølvsensur, juridisk rammeverk og openheit, og dessutan om kvaliteten på infrastrukturen som støttar produksjonen av nyheiter og informasjon. Spørsmåla er omsette til tjue språk. Det er medieekspertar, journalistar, juristar og forskarar frå kvart enkelt land som svarer, og denne informasjonen blir kombinert med statistikk om sikkerheit for journalistar.

Noreg og dei andre nordiske landa ligg i toppsjiktet av ytringsfridomsindeksen.

Costa Rica slår knockout på Frankrike

Før skilde vi mellom såkalla utviklingsland og vestlege demokrati også med tanke på føresetnader for ytrings- og mediefridom. Utviklingsnivå og mediestruktur gjekk ofte hand i hand.

I dag er det annleis. I 2021-rangeringa finn vi Costa Rica allereie på 5. plass og like under, på 7. plass, ligg Jamaica. Oversikten frå Reporterar utan grenser viser at fleire "sør-land", som Uruguay (18. plass), Surinam (19. plass) og Namibia (21. plass), gjer det betre enn Spania (29. plass), Storbritannia (33. plass) og Frankrike (34. plass) når det gjeld ytringsfridom.

Vi ser med andre ord at ei rekkje land som tradisjonelt blir rekna som utviklingsland, seglar oppover på lista, mens fleire vestlege demokrati skårar dårlegare enn før.

Demonstrantar held opp plakatar med bilete av Anna Politkovskaja. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Farlegare å dekkje konflikt, maktmisbruk og korrupsjon i eige land

Rapporten frå Reporterar utan grenser viser at det er ein tendens til at journalistar i aukande grad blir angripne i eigenskap av å vere journalistar.

Under demonstrasjonar mot vaksine og nedstenging under pandemien vart journalistar i land med god mediestruktur og høg grad av frie medium som Italia og Nederland, angripne på open gate. Nokre demonstrantar meinte at media og politikarane inngjekk i eit makttriangel som spreidde løgn om vaksinane.

Då den amerikanske Kongressen i Washington vart storma den 6. januar 2021, vart minst 17 journalistar angripne, og mange fekk kamera og anna utstyr øydelagt.

Tenk over:

Korleis kan det ha seg at land som Surinam og Namibia gjer det betre enn Spania og Storbritannia på pressefridomsindeksen?

Kvinnelege journalistar spesielt utsette

Kvinnelege journalistar er spesielt utsette for truslar om vald og overgrep. Forsking viser at kvinnelege journalistar blir utsette for mange av dei same sikkerheitsutfordringane som dei mannlege kollegaene sine, og ei rekkje tilleggsutfordringar nettopp fordi dei er kvinner.

Det at desse angrepa er så intime, at slike meldingar er det første eg får om morgonen, og det siste eg ser om kvelden, gir dei endå sterkare effekt. Det er dagar eg vaknar til verbal vald og sovnar med ekkoet av sexistisk og rasistisk raseri i øyra. Det er som ei konstant lågintensiv krigføring. (Den svenske journalisten Alexandra Pascalidous vitnesbyrd om nettvald og trakassering framfor EU-kommisjonen i Brussel i 2016, sitert av Julie Posetti.)

Julie Posetti, leiaren av Oxfords internasjonale journalistsenter, meiner kvinnelege journalistar er spesielt utsette i kampen for det frie ordet. Posetti var tidleg ute med å peike på nettopp filippinske Maria Ressa som eit døme på korleis trakassering og forfølging av journalistar kan vere kjønnsrelatert.

Samtidig viser Posetti at denne typen forfølging og trakassering skjer over heile verda, uavhengig av om landet du kjem frå er fattig eller rikt, og uavhengig av om styresettet er demokratisk eller autoritært. Trakassering og vald mot kvinnelege journalistar skjer i land så ulike som Malta, Sverige, Sør-Afrika, India og Finland.

To personar studerer eit bilete av ein maskert person med pistol som står utanfor ei dør. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Dei som står bak slike angrep, kan ønskje å oppnå ei heil rekkje ulike ting. Det kan vere å hindre kvinner i å snakke, øydeleggje ryktet til dei kvinnelege journalistane og arbeidsgivarane deira, skape auka frykt og redsel, sensurere kritisk journalistikk og få journalistar til å drive sjølvsensur.

Ytringsfridom og frie medium er viktig for å ansvarleggjere styresmaktene, redusere korrupsjon og informere borgarane. Når journalistar blir angripne og truga, blir ytringsfridommen innskrenka.

Tenk over:

Kva skjer når ein journalist driv sjølvsensur?

Informasjonskrig er ein del av krigen

Då Russland invaderte Ukraina i 2022, vart det raskt tydeleg at det parallelt med krigen på bakken gjekk føre seg ein reell informasjonskrig. I Russland vart liberale medium stengde, og det vart forbode å bruke ord som "krig" eller "invasjon" om krigen i Ukraina. Han skulle kallast ein "militær spesialoperasjon".

Ei ny medielov vart innført. Ho slo fast at journalistar eller andre som spreidde "falsk informasjon" om operasjonen i Ukraina, kunne få opptil 15 år i fengsel.

Eit kvinneleg nyheitsanker les nyheitsmeldingar på TV mens ei kvinne i bakgrunnen held opp ein plakat med bodskap på russisk og engelsk, kor det står "No war" og "Russians against war". Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Også for journalistar som rapporterte frå bakken i Ukraina, gjorde mykje desinformasjon og usanne nyheiter landskapet vanskeleg å operere i. Dei måtte ofte ta atterhald om at dei ikkje kunne vere heilt sikre på at informasjonen dei hadde, var korrekt.

Også bilete kan lyge

Ny informasjonsteknologi gjer det enklare å både produsere og formidle feilaktige framstillingar, ikkje minst visuelt. Nokre bilete eller filmar kan vere ekte, men frå ei anna tid eller ein annan stad enn dei gir seg ut for. I nokre tilfelle var klipp frå filmar eller til og med frå dataspel klipte inn, og vart påstått å vere frå bakken i Ukraina.

Fleire norske redaksjonar sette ned eigne arbeidsgrupper for å faktasjekke informasjon om krigen.

Kan vi stole på redaktørstyrte medium?

Generelt kan vi seie at redaktørstyrte medium i demokrati har større truverd enn informasjon som blir spreidd i sosiale medium, eller i land der media er statskontrollerte. Likevel viser erfaringane frå Ukraina-krigen at desinformasjon kan bli spreidd også i demokrati og redaktørstyrte medium. I takt med denne utviklinga har det vakse fram eit internasjonalt nettverk av organisasjonar som driv faktasjekk av nyheitene.

Tilgang på sann og relevant informasjon om samfunnet vårt og verda er viktig. Sann informasjon utgjer grunnlaget for røyndomsbiletet vårt som både veljarar og politikarar skal basere viktige avgjerder på.

Tenk etter:

Korleis kan du gå fram for å bli sikrare på at det du les, er sant?

CC BY-SASkrive av Kristin Skare Orgeret .
Sist fagleg oppdatert 22.03.2022

Læringsressursar

Internasjonal mediepolitikk