Hopp til innhald

Fagstoff

Mobil, nettverk og dataspel i Nord-Korea

Mobiltelefonar, nettverk og dataspel finst på eit vis i Nord-Korea, men ikkje i dei formene vi er vande til her i Noreg.

Intranett

Nord-Korea har eit nettverk redigert av regimet. Berre det regimet tillèt, er tilgjengeleg på ulike lukka nettverk. Kall dei gjerne intranett. Nokre av desse intranetta er kopla til digitale oppslagstavler på universitet.

Utlendingar kan leige SIM-kort, og på den måten få tilgang til det vanlege internettet. Men det er berre mogleg for utlendingar, ikkje for vanlege nordkoreanarar.

Mobil

Nord-Korea blir meir moderne, og regimet har den seinare tida opna opp for bruk av mobiltelefon. Dei blir stadig meir populære, og spreier seg over heile landet. Mobiltelefonane er knytt til eit internt nordkoreansk nettverk.

Fleire og fleire menneske har smarttelefonar, også unge menneske, sjølv om det er dyrt. Situasjonen for sosiale medium er ikkje i nærleiken av det unge menneske rundt i verda forventar i dag.

Nettbrett finst også. Nordkoreanarane hevdar dei lagar sjølve, men det er nok meir delar som blir kjøpte inn frå andre stader i verda som dei set saman til sin eigen nordkoreanske tablet.

Spel

Smarttelefonar brukast mest til å spele spel. Det finst mengder av spel. I staden for å laste spela ned frå ein app-butikk, går du til ein databutikk der du kan sjå gjennom tilgjengelege spel, og butikkpersonalet lastar spelet du skal ha ned på telefonen din. Så kan du spele.

Det kan hende du må gå tilbake til butikken og betale meir for å få fortsette å spele spelet ditt.

CC BY-SASkrive av Albertine Aaberge.
Sist fagleg oppdatert 09.07.2018

Læringsressursar

Internasjonal mediepolitikk