Hopp til innhald

Fagstoff

Mediekvardag i Chile

Chile er i dag eit demokrati med ytringsfridom og pressefridom, men mediemakta er samla på få hender. To familiar eig nesten alle media i landet. Derfor kjem ikkje alle samfunnsgrupper til orde i media.

Demokrati i skuggen av militærdiktaturet

Chile blei ein sjølvstendig, demokratisk stat i 1818. Landet har derfor ein historisk tradisjon for demokrati på linje med Noreg.

I heile Latin-Amerika er det store forskjellar mellom rike og fattige. Chilensk historie er derfor prega av sterke politiske motsetnader mellom menneske som tilhøyrer ulike sosiale klasser, til dømes landeigarar og arbeidarar.

I 1973 blei den demokratisk valde presidenten, sosialisten Salvador Allende, styrta gjennom eit USA-støtta militærkupp. General Augusto Pinochet overtok makta, og landet blei styrt av dei militære heilt fram til 1990. I denne perioden blei opposisjonelle fengsla, og mange forsvann sporlaust.

I dag har landet igjen ein demokratisk vald president og ei lovgjevande forsamling. Presidenten utnemner regjeringa.

chilensk kvinne leser avis
Opne bilete i eit nytt vindauge

Marknadsliberalisme og eigarmakt

Chilensk politikk er prega av privatisering og marknadsliberalisme. I mange land i Latin-Amerika er det nokre få familiar som har store eigedomar og mykje makt. Dette blir kalla oligarki (fåmannsvelde).

To familiar eig 90 % av chilenske medium:

  • Copesa-familien eig sju aviser og dei ti viktigaste radio- og fjernsynskanalane.
  • Edwards-familien eig dei tjue største avisene.

Det finst andre medium, men desse har dårleg økonomi og vanskelege arbeidstilhøve. Nokre opposisjonelle aviser får tilskot frå eksilchilenarar eller andre støttespelarar i utlandet.

Medieeigarskap og demokrati

Chile har i prinsippet ei fri presse, og er rangert på topp blant landa i Latin-Amerika når det gjeld pressefridom. Ei årsak til dette er at rangeringa legg lita vekt på eigarstruktur. I eit reelt demokrati er makta delt, og alle grupper i folket kjem til orde. I Chile eig eit fåtal personar alle viktige medium. Det fører til at røysta til ulike folkegrupper ikkje i like stor grad blir høyrd.

Den interamerikanske kommisjonen for menneskerettar (CIDH) problematiserer dette forholdet i ei prinsipperklæring om ytringsfridom som gjeld for alle statar i Sør- og Nord-Amerika. Her heiter det:

«Monopoler og oligopoler i medieeierskapet og mediekontrollen [...] konspirerer mot demokratiet ved å begrense mangfoldet som må til for å sikre den fulle utøvelsen av borgernes rett til informasjon».
(Kjelde: Kampen om ordet i Latin Amerika.)

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 22.02.2018

Læringsressursar

Internasjonal mediepolitikk