Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Forsøk: Måling og løysemiddel

Undersøk eigenskapar til oljemåling og akrylmåling og bruk det du finn ut til å avgjere kva løysemiddel som eignar seg til desse typane måling.
Boksar med måling og penslar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Bakgrunnsstoff

Relatert innhald

Hensikt

Undersøk eigenskapane til alkyd- og akrylmåling og bruk dette til å finne eigna løysemiddel til desse typane måling.

Forarbeid

  1. Lag ei oversikt over stoffa som skal brukast.
  2. Gjennomfør ei risikovurdering av stoffa.

Framgangsmåte og resultat

NB! Forsøket bør gjennomførast i avtrekk.

  1. Bland ei teskei med måling med ei teskei med løysemiddel i ei skål, slik det er oppgitt i tabellen under.

    Viss de har andre typar måling, kan de utvide tabellen og undersøkje kva løysemiddel som eignar seg for desse òg.

  2. Observer kva som skjer.

1

2

3

4

måling

akrylmåling

alkydmåling

alkydmåling

alkydmåling

løysemiddel

vatn

vatn + såpe

raudsprit

white spirit

observasjon

Konklusjon

  1. Kva løysemiddel eignar seg best til akrylmåling? Forklar.
  2. Kva løysemiddel eignar seg best til alkydmåling? Forklar.

Miljømerking på vassbasert måling/akrylmåling

  1. Kva miljømerke finn de på målingane de bruker på verkstaden? Ta bilete av miljømerkinga og bruk dei i rapporten.
  2. Finn ut kva krav som blir stilte til produkt som har desse merka.
  3. Finn ut kva akrylmåling inneheld.

Diskuter

  1. Kva argument er det for å bruke vassbasert måling i verkstaden på skulen?
  2. Finst det argument mot å bruke vassbasert måling på skulen eller på jobb?
  3. Kva funksjon har såpe når du gjer hender og penslar reine etter at du har brukt vassbasert måling?
  4. Kva andre typar måling kan vere aktuelle å bruke?
  5. Du målar ein utvendig vegg med vassbasert måling. Kvifor blir ikkje målinga løyst opp når det begynner å regne? Bruk figuren under som hjelp når du forklarer.
  6. Kva kjenneteiknar lateksmåling?
  7. Vurder dei ulike typane måling med utgangspunkt i bruk, resultat og miljøpåverknad.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Tove Wiig og Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 09.01.2020

Læringsressursar

Stoff og materiale