Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Forsøk: Lag di eiga måling

Lag di eiga måling og undersøk eigenskapane til målinga. Korleis vil du vurdere måling i eit berekraftsperspektiv?
Ein ape rettar ut peikefingeren mot Gud. Måleri.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Hensikt

I dette forsøket skal du undersøkje eigenskapane til temperamåling og vurdere målinga i eit berekraftsperspektiv.

Bakgrunn

Temperamåling er ein gammal teknikk og den einaste som blei brukt før oljemålinga kom på 1400-talet. Omgrepet tempera betyr "å blande i riktig forhold" og beskriv denne målingsteknikken.

Framgangsmåte

  1. Kakk egget slik at du beheld eggeplomma heil og skil forsiktig eggeplomma frå eggekviten.
  2. Legg eit tørkepapir på bordet og overfør eggeplomma forsiktig til tørkepapiret. Beveg på papiret, slik at eggeplomma rullar fram og tilbake og får tørka av seg siste rest av eggekviten.
  3. Overfør eggeplomma til handflata og stikk eit lite hol på plommehinna. Klem ut eggeplomma i ein passande behaldar. Pass på så du ikkje får plommehinne i den flytande eggeplomma. Dette vil føre til klumpar i målinga.
  4. Tilsett 1 teskje vatn og eit par dropar eddik.
  5. Tilset deretter ønskt fargepigment litt etter litt for å unngå klumpar. Her treng du cirka 1 teskje. Bland alt godt saman.

OBS! Målinga er ferskvare og kan ikkje oppbevarast over tid.

Resultat og vidare arbeid

  1. Utforsk dekkevna i målinga. Ved å blande inn meir eller mindre vatn og fargepigment kan du justere dekkevna i målinga.

  2. Undersøk korleis målinga bind seg til ulike overflater, til dømes: papir, treverk, metall, gips, betong, keramikk eller plast. Forklar korleis underlaget påverkar eigenskapane til målinga.

  3. Lag ei oppsummering av eigenskapane til målinga du har laga.

  4. Samanlikn eigenskapane til temperamåling med eigenskapane til dei målingane de vanlegvis bruker på verkstaden. Lag ei oversikt over fordelar og ulemper med dei ulike typane måling.

  5. Kva er bindemiddel og kva er løysemiddel i temperamåling?

  6. Kva skjer viss du tilset olje til målinga di? Kan du forklare dette?

  7. Kva andre eigenskapar vil tilsetjing av olje gi målinga?

  8. Skriv ei miljømerking til målinga du har laga. Du kan finne ut kva krav som gjeld for ulike merkeordningar på Forbrukerrådets merkeoversikt.

  9. Foreslå endringar i måling og emballasje som vil gjere produkta meir berekraftige.

Tips!

Viss du ikkje har reine fargepigment tilgjengeleg, kan du gjerne eksperimentere med andre pulver som gir farge. Korleis vil dette påverke eigenskapane i målinga?

Godt eigna tverrfagleg oppgåve

Dette er ei oppgåve som er godt eigna til tverrfagleg samarbeid mellom naturfag og programfaget handverk, design og produktutvikling.

Relatert innhald

Måling er fellesnavn på alt stoff som er flytande og brukast til overflatebehandling av materiale. Lær meir om målinga sine bestanddelar og eigenskapar.

Undersøk eigenskapar til oljemåling og akrylmåling og bruk det du finn ut til å avgjere kva løysemiddel som eignar seg til desse typane måling.

CC BY-SASkrive av Camilla Øvstebø og Cathrine Dahl.
Sist fagleg oppdatert 03.09.2021

Læringsressursar

Stoff og materiale