Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Forsøk: Vi måler varmegjennomgang i glas

I dette forsøket skal du undersøke korleis ulike materiale leier varme.
Inngangsparti til kontorbygg i glas. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Føremål

Føremålet med forsøket er at du skal få betre forståinga av at materiale i ulik grad leier varme, og at glas er ein ganske god varmeleiar.

Framgangsmåte

  1. Fyll vasken med kaldt vatn frå springen, slik at isoporbegeret og drikkeglaset kan stå med vatn nesten til topps.

  2. Fyll isoporbegeret og drikkeglaset breiddfullt med varmt vatn. Set termometer oppi begera og mål temperaturane.

  3. Set isoporbegeret og drikkeglaset oppi vasken og la dei stå der i fem minutt. Røyr forsiktig med termometeret.

  4. Mål temperaturen kvart minutt. Noter verdiane i tabellen nedanfor.

Eit glas og eit beger fylte med vatn står oppi ein behaldar med vatn. Det står eit termometer i glaset og eit i begeret. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Observasjonar

Temperatur etter

Drikkeglas

Isoporbeger

0 minutt
1 minutt
2 minutt
3 minutt
4 minutt
5 minutt
total varmegjennomgang
energi ut av vatnet

Berekningar

No skal vi rekne ut kor mykje energi som er forsvunnen. Rekn at du bruker 200 mL vatn. Talet på joule som har gått ut av vatnet, er då

4,2·200·temperaturnedgangen i gradar.

Rekn ut for begge tilfella, og fyll inn i tabellen.

Anta at all energien som er forvunnen frå isoporbegeret, har forsvunne frå overflata av vatnet. Anta òg at det er forsvunne like mykje energi frå vassoverflata i glaset som i isoporbegeret. Då kan vi anta at forskjellen kjem av energien som forsvinn ut av glasveggen.

  1. Rekn ut kor mykje energi dette er.

  2. Rekn ut kor mange watt dette svarer til.

  3. Anta at sideflata til glaset og isoporbegeret er 150 cm2. Rekn ut varmegjennomgangen i watt/cm2 for begge behaldarane.

Konklusjon

Forklar forskjellane i temperaturnedgangane og forskjellane i varmegjennomgang for dei to materiala.

CC BY-SASkrive av Truls Lind, naturfaglærer, Røyken vgs..
Sist fagleg oppdatert 25.09.2023

Læringsressursar

Stoff og materiale