Hopp til innhald

Fagstoff

Karbon i ulike former

Karbon inngår i mange millionar forbindelsar, og finst derfor i mange ulike former. Med sine fire elektron ytst, har karbon eit godt utgangspunkt for å binde seg til andre atomtypar.

Karbon byggjer opp verda

Karbon er heilt sentralt i vår verd. Dei unike eigenskapene til karbon gjer at karbonbaserte livsformer som oss sjølv kan eksistere.

Vi finn karbon i eit mangfald av stoff som vi kjem i kontakt med kvar einaste dag, som til dømes: plast, olje, treverk, sukker, stål og karbondioksid.

Organisk = miljøvennleg?

Ordet "organisk" er eit ord som mange assosierer med noko positivt, og det blir nokon gonger brukt som om det betyr det same som "miljøvennleg".

Forvirringa blir ikkje mindre av at ein på engelsk bruker "organic farming" når ein snakkar om økologisk landbruk.

I kjemien blir nemninga organisk brukt på ein annan måte. Her er organiske stoff alle stoff som inneheld karbon. Dette inkluderer ei heil rekkje forbindelsar, til dømes sukker, plast og olje. Mange miljøgifter er også organiske.

Karbon i eget selskap

Molekylstruktur til diamant og grafitt. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Blyant. Foto.

Diamant og grafitt er stoff som berre består av karbon. Til tross for dette har dei heilt ulike eigenskapar. Diamant er eit av de hardaste stoffa vi kjenner, mens grafitt er blautt nok til at det blir brukt til å skrive med i blyantar.

Reint kol består også av berre karbon. Kol som blir henta opp frå gruver inneheld også mange andre stoff. Mykje av kolet stammar frå planterestar frå den geologiske perioden karbon.

Kvifor heiter det "blyant" når blyanten ikkje inneheld bly?

Tidlegare blei det faktisk brukt ei legering av bly og tinn i blyantane. Sjølv om bly og tinn har blitt bytta ut med grafitt, har vi behalde namnet "blyant".

Skog av bregner. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Sidan karbon har fire elektron i sitt ytste skal, har det mange moglegheiter for å danne bindingar med andre atomtypar også. Det finst meir enn 10 millionar forbindelsar der karbon er med.

Grafén – tynt, men sterkt!

Molekylmodellar av ulike formar for grafén. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Grafén er ein form for karbon som ikkje blei oppdaga før i 2004. Det består av flak av karbonatom som ikkje er tjukkare enn eitt atom. Grafén er sterkt, har liten masse og leier straum og varme godt.

Eigenskapane til grafén gjer at stoffet er godt egna til bruk i databrikker, elektriske krinsar, batteri og solceller.

Metan – det enklaste hydrokarbonet

Roterende kule-pinne-modell av metan. Animasjon.

Ein annan viktig karbonforbindelse er metan. Metan blir danna blant anna når bakteriar bryt ned organisk materiale i myrer og i magen på drøvtyggarar. Metan blir også bringa fram frå olje- og gassfelt, og blir då kalla naturgass. Metan er ein viktig drivhusgass.

Uorganiske karbonforbindelsar

Stoff som inneheld karbon blir gjerne kalla organiske stoff. Eit viktig unntak er karbondioksid, som blir rekna som uorganisk til tross for at det inneheld karbon.

Kjelder

Openstax (2019). The Solid State of Matter. Henta frå https://openstax.org/books/chemistry-2e/pages/10-5-the-solid-state-of-matter

Store norske leksikon. (2019, 30. april). Metan. Henta frå https://snl.no/metan


CC BY-SASkrive av Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 10.02.2023

Læringsressursar

Stoff og materiale