Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Utvikle nye opplevingar og aktivitetar for feriegjestar

Noreg er eit vakkert land å feriere i og har mykje å tilby turistar. Har du forslag til nye opplevingar og aktivitetar som reiselivsnæringa kan tilby feriegjestar?
Kort samandrag av filmen

Filmen er ein noregsreklame som inneheld bilete frå norsk natur. Vi ser blant anna bilete av elvar, fossefall, høge fjell, djupe fjordar, byar, tettstader, kyrkjer, skikøyring, strender, nordlys og mykje flott natur.

Bakgrunn

Noreg er eit attraktivt reisemål for mange. Turistane set stor pris på naturen og på opplevingar og aktivitetar knytte til naturen. Reiselivsnæringa treng idear til nye, berekraftige opplevingar og aktivitetar, og har bede dykk om hjelp med idéutviklinga.

Oppgåve

I denne oppgåva er det viktig at de er impulsive og kreative.

Gå saman to og to. De får kvar dykkar rolle:

  • Éin er reporter.
  • Den andre er «verdsmeister».

Den av dykk som er «verdsmeister», veit alt om eit reiselivsprodukt. Reporteren skal intervjue verdsmeisteren om produktet.

  • tid: 15 minutt
  • føremål: finne idear til nye aktivitetar og opplevingar for turistar i Noreg

Instruksjon

  1. Dei to elevane i kvar gruppe skal tenkje på kvart sitt substantiv og seie det i munnen på kvarandre når læraren har talt til tre. Substantiva må ha noko med berekraftig reiseliv å gjere. Dersom orda er «fisk» og «lyng», blir produktet «fiskelyng». Dette reiselivsproduktet er verdsmeisteren ekspert på og veit alt om.
  2. Reporteren skal no intervjue verdsmeisteren om det nye reiselivsproduktet i 2–3 minutt. Reporteren kan til dømes spørje:
    • Kor mykje kostar det?
    • Korleis blir det utvikla?
    • Kven er målgruppa for produktet?
    • Kva bruksområde har det?
    • Kva særtrekk har det?
    • Korleis ser det ut?
    • På kva måte er det eit berekraftig reiselivsprodukt?
  3. Deretter byter elevane roller og gjennomfører punkt 1 og 2 på nytt.
  4. I klassa: Læraren spør nokre av reporterane om å summere opp kva verdsmeisteren har fortalt om det nye reiselivsproduktet.

Refleksjon i fellesskap

  • Kva tenkjer de at de lærer i ei slik oppgåve?
  • Kvifor er det så viktig med eit berekraftig reiseliv?
  • Korleis kan denne typen oppgåver vere nyttig trening for arbeid med ulike prosjekt?
CC BY-SASkrive av Cathrine Meyer Johansen.
Sist fagleg oppdatert 14.05.2020

Læringsressursar

Forretningsidéar og mål