Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Det viktigaste produktet i verda?

Kva synest de er det viktigaste produktet som er funne opp? I denne oppgåva skal de lage ein presentasjon kalla PechaKucha om det produktet de synest er det viktigaste produktet som er funne opp dei siste 150 åra.
Hand som teiknar ei lyspære. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Gruppeoppgåve

Kva synest de er det viktigaste produktet som er funne opp dei siste 150 åra? Er det til dømes bilen, leppestiften eller el-sykkelen? Kva meiner de er det aller viktigaste produktet, anten for dykk sjølv eller for nokon andre? Bli einige, for de skal no grave litt i djupna rundt dette produktet.

De skal lage ein PechaKucha, som er ein presentasjon beståande av 20 lysbilete med 20 sekund forklaring til kvart bilete. Dette blir altså ein presentasjon på totalt 6 minutt og 40 sekund.

Presentasjonen skal spelast inn og leverast som ein film. Bruk gjerne Screencast-O-Matic (screencast-o-matic.com).

De kan til dømes ta utgangspunkt i desse forslaga til punkt:

  1. Kva produkt har de valt, og kven tilbyr det?

  2. Kva er historia bak produktet?

  3. Kva behov dekkjer produktet? Eventuelt kva problem løyser produktet?

  4. Korleis har salet/populariteten og produktet utvikla seg gjennom levetida til produktet?

  5. Kven er hovudmålgruppa for produktet? Kven andre kjøper det eventuelt òg?

  6. Kva kostar produktet no, og korleis har prisen utvikla seg frå det blei lansert? Er det billeg, midt på treet, dyrt, eksklusivt?

  7. Kva type er det for produktet no, og kva type marknadskommunikasjon blei eventuelt nytta tidlegare?

  8. Korleis får målgruppa tak i produktet? Kvar blir det selt?

  9. Korleis meiner de produktet kan utvikle seg vidare i framtida?

Lykke til!

CC BY-SASkrive av Thorgeir Røer.
Sist fagleg oppdatert 22.04.2021

Læringsressursar

Forretningsidéar og mål