Gruppeoppgåver
Oppgåve 1: Utvikle ein forretningsidé
Utvikle ein forretningsidé. Nytt gjerne ulike kreativitetsøvingar som hjelp til å komme på så mange idear som mogleg. Deretter vel de ut ein av ideane.
Tips til ulike kreativitetsøvingar
Slumpord med berekraftsmåla til FN
Er de sikker på at det er behov for ideen? Viss ikkje, gjennomfør ei marknadsundersøking.
Relatert innhald
Oppgåve 2: Lag skisse, prototype og logo
Lag skisser eller prototypar som kan illustrere forretningsideen. Lag òg forslag til logo.
Oppgåve 3: Pitch ideen
Pitch ideen for klassen og/eller ein jury. Kanskje de kan melde de på ein konkurranse i regi av Ungt Entreprenørskap, eller ha ein intern konkurranse på skulen med jurymedlemmer frå næringslivet? Sjå tips til pitch i dei relaterte artiklane nedanfor.
Relatert innhald
Gjer de gjerne òg kjent med entreprenørskap som metode, ved å lese artikkelen nedanfor. Dersom det er aktuelt å starte ungdomsbedrift, kan artikkelen Start dykkar eiga ungdomsbedrift vere nyttig.
Ungt entreprenørskap har òg tilbod om innovasjonscampar. Les meir om dette i artikkelen Innovasjonscamp nedanfor.