Hopp til innhald

Fagstoff

Å formulere mål

Har du nokon gong sett deg eit bestemt mål du vil jobbe mot? Konkrete målformuleringar kan gi oss ei klar retning for arbeidet vårt. Det same gjeld for verksemder, der ei felles målforståing er viktig for at dei tilsette skal jobbe i same retning.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Eit mål er ein ønskt tilstand eller eit ønskt resultat på eit framtidig tidspunkt. Tydelege mål i ei verksemd viser dei tilsette kva dei skal jobbe mot, og det skal sikre at alle jobbar for å nå dei same måla.

Kvalitative og kvantitative mål

Vi kan skilje mellom to hovudtypar av mål:

  • kvalitative mål

  • kvantitative mål

Kvalitative mål er generelle mål som ikkje kan talfestast. Eit døme på eit kvalitativt mål kan vere at "Vi skal bli oppfatta som ei verksemd som fokuserer på berekraftig utvikling".

Kvantitative mål er konkrete og talfesta mål. Eit døme på eit kvantitativt mål kan vere at "Marknadsandelen vår skal aukast til 25 prosent i løpet av neste år".

Overordna mål

Overordna mål er langsiktige og strategiske, og måla er med på å realisere visjonen og forretningsideen for ei verksemd. Ei verksemd kan ha overordna mål på område som marknadsføring, produksjon, personale, IKT, forsking og utvikling. Desse måla kan vere kvalitative eller kvantitative. Eit overordna mål kan til dømes vere at "Verksemd x skal vere den største i bransjen målt i talet på kundar".

Marknadsmål

Marknadsmål er mål verksemda set for marknadsføringsarbeidet, med utgangspunkt i konkurransemidla produkt, distribusjon, pris, marknadskommunikasjon og eventuelt personale.

Smarte mål

For at marknadsmåla skal fungere som gode verktøy for verksemda, må det jobbast grundig med formuleringa av måla. Vi seier gjerne at måla skal vere "SMARTe".

SMART-modellen

S – spesifikke

M – målbare

A – attraktive

R – realistiske

T – tidsavgrensa


Døme på marknadsmål kan vere at

  • alle produkta våre skal innan år xx vere godkjent

  • innan fire år skal vi tilby heimkøyring til alle husstandar i Noreg

  • vi skal til kvar tid vere best på pris

  • vi skal kvart år skåre betre på kundane si evaluering av marknadskommunikasjonen vår

  • vi skal bli betre på kundeservice, med 95 prosent fornøgde kundar innan år xx

Tekstsamandrag av filmen

To bilar møtest midt på ei bru med berre eitt køyrefelt. Sjåførane har augekontakt med kvarandre, og begge signaliserer at ingen av dei har tenkt å rygge for å gi den andre plass. Den eine sjåføren finn då fram ei tjukk bok og begynner å lese. Idet musikken i filmen startar, går den andre sjåføren ut av bilen sin. Med sakte skritt nærmar han seg boklesaren, som ser det og gøymer ansiktet bak boka. Kroppsspråk, musikk og måten filmen er redigert på, bygger opp ei spenning rundt kva som kjem til å skje når dei to møtest ansikt til ansikt. Når sjåføren bankar på ruta, rullar boklesaren ho litt ned, og dialogen i filmen begynner.

CC BY-SASkrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist fagleg oppdatert 26.04.2021

Læringsressursar

Forretningsidéar og mål