Hopp til innhald

Fagstoff

Sosialisering

Når eit menneske veks inn i samfunnet, blir det sosialisert. Det vil seie at det tileignar seg ferdigheiter, kunnskapar, normer og verdiar. Barna lærer seg for eksempel tidleg slike ferdigheiter som å gå, knyte hendene og seie nokre enkle ord.
Ein vaksen og eit born på sykkeltur i solnedgång. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Barn lærer ved å sjå på kva andre gjer. Slik tileignar små barn seg verdiar og haldningar – dei ser kva dei andre meiner er viktig og rett. Dei oppfattar nok også ganske raskt at det er viktig å ha mykje pengar, at det er stygt å stele, og det går ikkje mange åra før dei veit namnet på både konge og statsminister. Etter kvart forstår dei òg at menneskelivet er ein viktig verdi i det norske samfunnet.

Kvifor er sosialisering nødvendig?

Det er to hovudgrunnar til at sosialisering er nødvendig. For det første er det mykje kvar enkelt av oss må lære dersom vi skal greie oss i samfunnet. Dersom vi for eksempel stadig lurer på om vi skal stoppe på raudt eller grønt lys, blir livet i trafikken vanskeleg.

For det andre har samfunnet som heilskap behov for at innbyggjarane tileignar seg dei viktigaste ferdigheitene og dei grunnleggjande kunnskapane, normene og verdiane. Dersom for eksempel folk flest stal som ramnar, ville det fort bli kaos.

Mann og barn kommuniserer. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva er ei sosial norm?

«Du skal ikkje stele» er eit eksempel på ei sosial norm. Eit anna eksempel er at du bør reise deg for eldre damer på bussen. Eit tredje kan vere: «Du skal stoppe på raudt lys». Felles for dei er at dei seier noko om korleis vi skal oppføre oss i bestemte situasjonar. Dei er med andre ord reglar som vi bør følgje i omgangen med kvarandre.

Mange normer er skrivne ned i lover og reglement. Det er kanskje fordi dei er spesielt viktige. I Noregs lover står det at det er forbode å selje og å bruke narkotika, og at det er forbode å stele eller å ta livet av andre menneske. At det er forbode å røykje på skuleområdet, står mellom anna i reglementet til skulane. Slike nedskrivne normer kallar vi formelle.

Dei fleste normene er nok ikkje forma som lover. At du bør reise deg for eldre damer på bussen, står truleg i ei bok om skikk og bruk, men ikkje i noka lovbok. At du ikkje skal sladre på nokon, står heller ikkje i Noregs lover. Normer som ikkje er skrivne ned i ei lovbok, kallar vi uformelle. Også dei kan bety mykje for oppførselen vår.

Korleis lærer vi sosiale normer?

Dei fleste normene lærer vi når vi er saman med andre, i grupper. Vi er sosiale vesen. Eksempel på sosiale grupper er ein familie, ein kameratgjeng, ein skuleklasse eller ei basisgruppe.

Logoane til ulike sosiale medium. Illustrasjon.

Vi lærer òg mange normer av grupper som vi ikkje er medlemmer av. Med moderne kommunikasjonsmiddel blir vi òg påverka av det som skjer fjernt frå der vi sjølve er. Popstjerner er for eksempel ikkje ei gruppe på same måte som ein familie eller ein gjeng. Likevel har dei mykje å seie når det gjeld kva slags klede dei unge skal gå med, og kva slags livsstil dei vel. Andre liknande grupper er idrettsstjerner og filmstjerner: Når vi forsøkjer å bli like gode som dei eller sjå ut som dei, blir dei ideala våre.

Eit menneske kan bli påverka av fleire grupper samtidig. Enkelte menneske påverkar oss på eitt område, medan andre har meir å seie på eit anna. For eksempel bestemmer ofte venner korleis vi kler oss, mens foreldre og lærarar har mykje å seie når det gjeld kva slags yrke og utdanning vi satsar på.

Sanksjonar

Den som bryt ei norm, kan bli møtt med sanksjonar. Ros og ris er eksempel på sanksjonar. Ein sanksjon er altså ein reaksjon frå folk rundt oss på korleis vi oppfører oss.

Nokre sanksjonar er formelle. Formelle sanksjonar er straff som domstolar, skular og andre styresmakter påfører oss når vi har brote nedskrivne formelle normer. Fengselsstraff, bøter eller bortvising frå skulen er eksempel på formelle sanksjonar. Eit anna eksempel er eksamenskarakterar.

Eksempel på uformelle sanksjonar er skjenn, utfrysing og latterleggjering. Sjølv om det ikkje står noko politi eller rettsvesen bak og straffar, kan nok dei uformelle sanksjonane vere ganske alvorlege. Det å stikke seg fram er for eksempel ei alvorleg sak i enkelte skuleklassar. Dei som ikkje gjer som resten av gjengen, kan nok få merke det ganske ettertrykkeleg. Oppmuntrande tilbakemeldingar kan gi elevane tru på seg sjølv og på at det nyttar å satse vidare.

Desse eksempla viser at vi bruker sanksjonar for å lære opp barn og unge og for å halde kvarandre på plass. Vanlegvis er det betre å lønne enn å straffe når vi prøver å få folk til å gjere som vi vil. Ros og oppmuntring er for eksempel betre enn skjenn og kjeft dersom vi vil ha lydige barn og flinke elevar.

Sosialisering og samvit

De fleste normene lærer vi så godt at vi etter kvart følgjer dei automatisk. Det vil seie at vi slepp å stoppe opp i kvar einaste situasjon og spørje: «Korleis var det no eg skulle oppføre meg – var det lov å ta denne sykkelen som ikkje er min, eller ikkje?»

Når vi har lært normene så godt at vi følgjer dei utan vidare, har dei blitt ein del av moralen eller etikken vår. Moral eller etikk er læra om kva som er rett og feil, kva vi bør gjere eller ikkje gjere. Når normene på denne måten blir ein del av moralen vår, utviklar vi eit samvit. Samvitet merkar vi som ei «indre stemme» som seier frå når vi gjer noko vi eigentleg meiner er feil å gjere.

Yrkessosialisering

Når vi skal inn i arbeidslivet, må vi sosialiserast inn i yrket. Det betyr at vi som arbeidstakarar må bli kjende med nye menneske, vi må bli kjende med normene og reglane på arbeidsplassen, og vi blir kjende med korleis yrket blir utført. Å lære eit yrke er å delta i arbeidet, ta imot rettleiing undervegs i arbeidet, og lage si eiga yrkesrolle. Som fagarbeidar blir du rollemodell for kollegaene dine. Dette set krav til at du er profesjonell.

Utfordringar til deg

  1. Kva meiner vi med at vi menneske er sosiale vesen?
  2. Kva er sosialisering?
  3. Kvifor er sosialisering nødvendig?
  4. Kva er ei sosial norm?
  5. Kva er ei formell sosial norm? Og kva er ei uformell norm?
  6. Kvifor er normer nødvendige?
  7. Kva er ein sanksjon? Kva er skilnaden på ein formell sanksjon og ein uformell sanksjon?
  8. Korleis lærer vi normer?
  9. Kan du nemne andre eksempel på normer og verdiar enn dei som er nemnde i teksten?
  10. Kva normer vil du seie er dei viktigaste i basisgruppa eller i klassen?
  11. Kva sanksjonar blir brukte i basisgruppa eller i klassen når nokon bryt ei norm?
  12. Kven påverkar de unge når de skal velje utdanning, klede og fritidssyslar?
  13. Kva kan vere grunnane til at ros oftast gir betre resultat enn ris?
CC BY-SASkrive av Erik Sølvberg. Rettshavar: Fagbokforlaget
Sist fagleg oppdatert 03.03.2017

Læringsressursar

Utvikling heile livet