Hopp til innhald

Fagstoff

Å bli eldre

Aldring er ein naturleg prosess som går føre seg heile livet, men som blir tydelegare etter kvart. Kor raskt aldersendringane skjer, og korleis dei pregar den enkelte, er likevel svært individuelt.
Eit eldre par sit på ein benk i ein park. Dama ler og mannen smiler. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Mange har god helse og lever aktive liv lenge. Aldringsprosessen blir påverka av mange faktorar, som arv, miljø og livsstil.

Fysisk aldring

Når vi blir eldre, blir kroppen gradvis svekt. Den fysiske aldringa i kroppen startar alt i 25-årsalderen, og tempoet aukar jo eldre ein blir. Den fysiske aldringsprosessen inneber at celler døyr eller mistar funksjonsevna si, noko som rammar alt vev og alle organa i kroppen. Etter kvart blir desse endringane så store at dei ikkje lenger gir grunnlag for liv.

Det vi ofte legg merke til først, er rynker og gråare hår. Feittmengda i underhuda minkar og gir dårlegare isolasjon mot kulde og trykk, og høyrsla og synet blir svekte. Tap av nerveceller medfører at reaksjonstida blir lengre, og at konsentrasjonen og minnet blir dårlegare. Endringar i hjartemuskelen og blodårene gir auka risiko for hjarte- og karsjukdommar. I tillegg fører dårleg blodsirkulasjon til at veva og organa i kroppen blir svekte. Tap av muskelmasse gir redusert muskelstyrke og uthald, og det blir vanskelegare å koordinere bevegelsar. Mange har stive og ømme ledd, og nedbryting av beinvev og avkalking av skjelettet gir auka risiko for beinbrot.

Ein del eldre er plaga av tung pust. Svakare respirasjonsmusklar og nedsett hosterefleks aukar risikoen for å få luftvegsinfeksjonar. Eldre er også meir utsette for å få urinvegsinfeksjonar, og for mange kan det vere vanskeleg å halde på urin og avføring. Mindre spyttproduksjon gir munntørrleik og svelgproblem. Smakssansen og luktesansen blir òg dårlegare, og mange går ned i vekt på grunn av nedsett appetitt og lågt væskeinntak. Nedsett funksjon i fordøyingsapparatet kan gi problem med obstipasjon (forstopping).

Eldre dame med gåstol les papiravis. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Psykososial aldring

Å bli eldre inneber at dei sosiale rollene endrar seg. Ein får nye roller som pensjonist, besteforeldre, hjelpetrengjande og kanskje som enkje eller enkjemann. Det kan gi stor sorg å miste roller som har betydd mykje for ein, og ein del føler at dei ikkje lenger er til nytte når dei blir pensjonistar.

Mange ser på alderdom som å bli meir erfaren, moden og klok. Ein del ønskjer å vere yrkesaktive så lenge dei kan, mens andre synest det er fint å få meir tid til å reise og dyrke hobbyar og andre interesser når dei blir pensjonistar. Mange pensjonistar har god helse og synest det er fint å kunne bidra med noko, mellom anna i frivillig arbeid.

Haldningar i samfunnet

Kva haldningar samfunnet viser overfor eldre, og korleis det blir lagt til rette for at eldre skal få leve aktive og meiningsfylte liv, har mykje å seie for korleis eldre opplever alderdommen sin. Heile livssituasjonen før og no verkar inn på korleis den enkelte opplever alderdommen. Dersom livet blei svært annleis enn det ein hadde ønskt seg, kan sjansen vere større for at ein kjenner seg bitter og fortvila som eldre. Det er ofte slik at den som har levt eit rikt liv og opplever ein meiningsfylt kvardag, er meir tilfreds med alderdommen sin.

Skal du jobbe med eldre, er det viktig å spørje kven dei er, kva dei har jobba med. Du må også setje deg inn i kva slags mat dei liker, og kva interesser dei har. Kanskje de har noko til felles?

Utfordringar til deg

  1. Sjå videoen Aldring og fordommar og svar på desse spørsmåla:

    • Kva trur du publikummet og dommarane forventa da gruppa entra scena?
    • Korleis opplever Ingvar det å vere eldre?
    • Mette seier: «Du sluttar ikkje å leike fordi du blir gammal, men du blir gammal fordi du sluttar å leike.» Kva trur du ligg bak desse orda?
    • Kva kan dei eldre i gruppa frå Røa eldresenter lære oss?
    • Korleis kan eldre vere ein ressurs for andre?
  2. Diskuter i klassen og lag ein idébank:

    • Korleis kan barn og unge vere ressursar for eldre?
    • Korleis kan eldre vere ressursar for barn og unge?

Relatert innhald

Film om eit ungt menneske på snart 100 år. Ei dame som ikkje vil gå glipp av noko som er moro.

CC BY-NC-SASkrive av Lene Fossbråten.
Sist fagleg oppdatert 25.03.2020

Læringsressursar

Utvikling heile livet