Hopp til innhald

Fagstoff

Vilje og temperament

Barn prøver ut mange forskjellige ting, alt frå å byrje å ete sjølv til å klatre høgt i tre. Dei vaksne må setje grenser for barna, men og syte for at barna får prøve ut nye dugleikar.
Voksen rettleiar barn i barnehagen. Bilde.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Når dei vaksne set grenser for kva barna kan få lov til å gjere, må det vere på ein slik måte at barnet beheld sjølvrespekten. Vi må snakke til barna og fortelje dei kva vi synest dei bør gjere, og nokre gonger må vi berre avgjere kva som er lov. Dersom den vaksne ikkje føl med på aktiviteten til barna, kan det føre til at barnet skadar seg. Barnet må oppleve tryggleik og omsorg i grensene slik at det stoler på den vaksne.

Eigen vilje

Barn utviklar tidleg eigen vilje, og nokre gonger VIL barnet berre fordi det VIL - eller IKKJE VIL. "Eg vil ikkje kle på meg." eller "Eg vil ha sjoko på brødskiva."
Dette er døme som viser at barnet vil, men den vaksne veit at barnet må, eller at det ikkje er bra for barnet. Barn kan leggje seg ned og hyle og skrike heilt til dei ikkje lenger veit kva dei vil. I slike tilfelle er det viktig at du som vaksen møter barnet på ein tydeleg og bestemt måte med respekt for det barnet VIL. Den vaksne må gi barnet ein sjanse til å forstå kva det kan og ikkje kan.

Døme:

Ei mor kjem inn i barnehagen og er fortvila. Gutten hennar - Martin - på tre år sit i bilen og VIL IKKJE i barnehagen. Mor har det travelt og må på jobb, og hun synest dette er svært vanskeleg. Martin trivst godt i barnehagen, men denne dagen er han ekstra trøtt, og VIL berre IKKJE i barnehagen. Mor treng hjelp, og Mia - ein av dei vaksne i barnehagen - vert med ut til bilen. Mia prøver å snakke med Martin, men skjønnar fort at det ikkje nyttar. Ho seier: "Hei Martin", men Martin snur seg berre bort og græt enda høgare. Etter nokre fleire forsøk, og med støtte frå mor, må Mia til slutt løfte Martin ut av bilen. Mor klappar Marin på hovudet og seier: " Eg må dra på jobb no, og du må ha ein fin dag. Hugs at eg er glad i deg!" Mia går inn i barnehagen med ein hylande Martin. Ho set seg ned på ein stol med Martin på fanget og seier: "Martin, hør på meg. Det er heilt i orden at du græt. Eg skjønnar at du er lei deg. Mamma måtte gå på jobb og da må du vere her saman med oss i barnehagen. Viss du vil gråte og vere lei deg i dag, er det heilt ok. Eg sit her saman med deg til du ikkje synest det er så leitt lenger". Mia kjennar at Martin byrjar å slappe av i fanget hennar. Gråten vert stillare, og etter nokre minutt vil Martin ned og sjå om det har kome nokre kompisar han kan leike med.
Gutt som gråter. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Dette er eit døme på ein vaksen som godtek dei kjenslene som barnet har, men set grenser i forhold til viljen. Barnet kan ikkje avgjere om mor skal på jobb eller ikkje, men det kan bestemme og med hjelp ta kontroll over eigne kjensler. Barn protesterer for å markere at dei er sjølvstendige individ som treng å ta sjølvstendige val. Skal vi prøve å forstå Martin, kan framferda hans vere eit uttrykk for å seie ifrå om korleis han har det. Han vil bli sett og ha merksemd, omsorg og litt ekstra trøst.

Grensetting

  • Barn testar grenser i alle aldrar. Det er vi vaksne som må avgjere kva barnet får lov til og ikkje.
  • Barn treng trygge omgivnader slik at dei kan få testa ut grenser og lære seg sosiale spelereglar.
  • Når vi skal setje grenser for barna, er det viktig at alle som er rundt barnet veit kva reglane er.
  • Dette er viktig for deg som fagarbeidar å trene på.

Utfordringar til deg

  1. Kva gjer du når eit barn VIL, men du meiner at det ikkje er så lurt å følgje viljen til barnet?
  2. Kvifor er det viktig å møte viljen til barna på ein anerkjennande måte?
CC BY-NC-SASkrive av Trine Merethe Paulsen, Guri Bente Hårberg og Gro Nedberg Grønlid.
Sist fagleg oppdatert 25.03.2020

Læringsressursar

Utvikling heile livet