Hopp til innhald

Fagstoff

Modning og læring

Modning er ein indre prosess som skjer i mennesket. Modning heng saman med læring, og modning og læring påverkar kvarandre.
Gut skrur på keyboard. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Modningsnivå

Modningsnivået hos den enkelte heng saman med utviklinga, både psykisk og fysisk. Vi modnast med åra heiter det - og med det meiner vi at dei erfaringane og opplevingane vi gjer oss opp gjennom oppveksten, er med på å gjere oss til det mennesket vi blir.

Fysisk modning

Det er ikkje så vanskeleg å sjå den fysiske modninga som skjer i kroppen vår. Vi veit at ein nyfødd baby ikkje kan gå. Kroppen er ikkje moden for det enno. Ein liten baby må vekse og utvikle seg til å tole dei rørslene som trengst for å gå. Tidspunktet for når dette skjer kan variere avhengig av modningsnivå, men vanlegvis skjer det rundt eittårsalderen.

Føresetnad for læring

Det skjer også ei modning på andre område enn det fysiske. Med nye opplevingar kjem det nye tankar, som gjer at vi må tenkje annleis, eller som berre forsterkar det vi allereie trur og veit frå før.
Vi lærer så lenge vi lever, og modningsnivået er ein føresetnad for læring.

Det er med andre ord vanskeleg for eit menneske å lære seg noko nytt dersom det ikkje er modent for det.

Tilrettelegging

Når du arbeider med menneske, må du alltid ta utgangspunkt i modning og utvikling. Størst utfordring er dette når du skal jobbe med barn og funksjonshemma. For å kunne leggje til rette for det enkelte barnet må du kjenne barnet og modninga og utviklinga det har. To fireåringar kan ha ulike modningsnivå, sjølv om mykje er likt. Vi skal vere forsiktige med å gi barn og unge oppgåver, leiker og liknande som dei ikkje er modne for.

Utfordringar til deg

  1. Forklar kva modning er og gi nokre døme.
  2. Korleis heng modning og læring saman?
  3. Sjå filmklippet "Motivasjon og læring". Kva for faktorar er nødvendige for læring?
  4. Fordjupingsoppgåve: Bruk Eriksons utviklingsteori og prøv om du kan forklare kvirfor du ikkje bør gi barn oppgåver dei ikkje er modne for.

Oppsummering

Modning

  • Dei erfaringane og opplevingane vi gjer oss opp gjennom oppveksten, er med på å gjere oss til det mennesket vi blir.
  • Barn må bli trygge i vatnet før dei kan lære å symje.
  • Modning skjer også via kommunikasjon med andre.

Læring

  • Læring kan vere ei varig endring i oppleving og åtferd som følgje av tidlegare erfaringar.
  • Læring er ei endring vi kan sjå ved at personen gjer noko han ikkje kunne før læringa starta. Det skjer altså ei forandring i åtferda til personen.
  • Læring er også å tileigne seg kunnskap, eigenskapar eller haldningar som vil modnast og skje over tid.

Relatert innhald

CC BY-NC-SASkrive av Trine Merethe Paulsen, Guri Bente Hårberg og Gro Nedberg Grønlid.
Sist fagleg oppdatert 03.03.2017

Læringsressursar

Utvikling heile livet