Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Undersøk designmanualar

Du kan lære mykje om korleis designarar har tenkt, gjennom å studere designmanualen til ein organisasjon. Kva blir sagt om logoen, typografi og fargar? Finst det beskrivingar for bruk av bilete?
Utsnitt fra forsiden på en designmanual. Bilde.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Sjå gjennom minst tre forskjellige designmanualar før du vel ein du tykkjer er inspirerande å jobbe med. Du kan velje eit av døma nedanfor, eller du kan søkje etter ein designmanual på nett.

Finn ut

  1. Kva symboliserer logoen?
  2. Er det tydeleg kva ikonet i logoen skal førestille, eller er det abstrakt?
  3. Kva for variasjonar av logoen er det tillate å bruke – og kva er ikkje lov?
  4. Veit du kva du skulle gjort med logoen viss du måtte plassere han på eit bilete med uroleg bakgrunn?
  5. Kva slags reglar finst for fargebruk?
  6. Kva fontgrupper skal brukast saman?
  7. Finst det reglar for bruk av bilete?

Prøv deg

Viss firmaet som stod bak denne profilen bad deg lage ein stillingsannonse – korleis skulle han sjå ut? Lån teksten frå ein stillingsannonse du finn på nettet, og prøv!

CC BY-SASkrive av Ellen Johansen og Andrea Søndervik.
Sist fagleg oppdatert 16.06.2022

Læringsressursar

Visuell kommunikasjon