Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Estetikk: Tren sansane!

Øv deg på å opne sansane i møtet med ulike kulturuttrykk. Korleis er du som mottakar med på å skape opplevinga av uttrykka?
Ung gut med hovudtelefonar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

1. Ei visuell oppleving

Har skulen din kunst hengande i skulebygget? Viss ja – vel eitt kunstverk. Viss du ikkje har høve til dette, kan du gå inn på nettsida til Astrup Fearnley-museet, eit museum for moderne kunst. Dei har vanlegvis eit framsidebilete som viser eit kunstverk frå ei aktuell utstilling som du kan ta utgangspunkt i når du gjer denne øvinga.

Nettsida til Astrup Fearnley-museet (afmuseet.no)

  1. Skriv eit refleksjonsnotat der du beskriv både sanseinntrykka frå kunstverket og kjenslene det vekkjer i deg. Beskriv det du ser, både heilskap og detaljar. Noter kva du legg merke til først, og kva du kanskje får auge på etter å ha studert verket grundig. Beskriv deretter kjenslene verket vekkjer i deg, og sjå om du kan kople kjenslene til det du ser i verket.

  2. Les over refleksjonsnotatet ditt, og tenk over korleis akkurat du som mottakar er med på å skape denne estetiske opplevinga av dei visuelle inntrykka. Les gjerne Gro Dahles refleksjonar om å lese dikt i fagartikkelen om estetikk først (lenkje i relatert innhald).

  3. Noter: Er det noko med deg og minna, erfaringane, kjenslene, kunnskapane, haldningane, smaken eller bakgrunnen din som bidreg til opplevinga du hadde med dette visuelle kunstverket?


2. Ei musikkoppleving

Finn fram ein song eller eit musikkstykke som du av erfaring veit at vekkjer spesielle kjensler hos deg: glede, sinne, nostalgi, tungsinn, forelsking eller mange kjensler på ein gong.

Lytt til musikken i hovudtelefonar, eller bestem dykk for noko de vil høyre på i klasserommet saman.

  1. Skriv eit refleksjonsnotat om både kjensler og sanseinntrykk mens musikken speler. Kva kjensler kjem med lyttinga? Kvar i kroppen kjenner du det? Korleis kjennest det ut? Noter òg dei ulike sanseinntrykka i musikken i form av melodiar, lydar, rytmar, ord, tonekvalitetar og overgangar som du knyter kjenslene til.

  2. Les over refleksjonsnotatet du har skrive, og tenk over korleis akkurat du som mottakar er med på å skape denne estetiske opplevinga av musikken. Les gjerne Gro Dahles refleksjonar om å lese dikt i fagartikkelen om estetikk først (lenkje i relatert innhald).

  3. Noter: Er det noko med deg og minna, erfaringane, kjenslene, kunnskapane, haldningane, smaken eller bakgrunnen din som bidreg til opplevinga du hadde med denne musikken?

3. Diskuter

Diskuter desse spørsmåla først i grupper og så i klassen:

  • Var det lett eller vanskeleg å skulle leggje merke til sanseinntrykka og kjenslene i oppgåvene over? Grunngi.

  • Korleis var det å ikkje skulle tolke og sjå etter meining og kva uttrykka betydde?

  • Korleis vurderte du ditt eige bidrag til desse to opplevingane?

  • På kva måte kan det å rette fokus mot sanseopplevingar og kjenslene dei vekkjer, og di eiga rolle som medskapar i slike opplevingar, bidra i arbeidet med ulike kulturuttrykk i skulen?

Relatert innhald

Kva er estetikk, og korleis kan du bruke kunnskap om dette i møte med kulturuttrykk?

CC BY-SASkrive av Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 26.08.2021

Læringsressursar

Visuell kommunikasjon