Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Fungerer logo og favikon?

Det finst mange forhold som gjer det vanskeleg for målgruppa å oppfatte bodskapen til avsendaren: Det du kjenner frå kommunikasjonsteorien som “støy”, gjeld også for oppfatninga av ein logo.

Jo enklare og tydelegare eit symbol er, jo mindre sannsynleg er det at informasjonen blir borte på veg frå avsendar til mottakar, eller at det blir utsett for “støy”, – i denne samanhengen visuelle forstyrringar.

Du skal få gjere ein liten analyse av korleis ulike logoar fungerer når dei er ørsmå. Den minste logoen vi bruker mest i dag for å halde oss orienterte i og med informasjon, er favikonet.

Eit favikon er merket som står i fana på ei nettside.

Symbol som fungerer i så små storleikar, var ikkje like naudsynt før internett kom, men dei beste symbola fungerer som oftast godt som favikon, sjølv om dei blei laga for mange tiår sidan.

  1. Noter namna på kjende firma, både norske og utanlandske. Vel til dømes to av kvar.
  2. Gå til verksemdene sine nettsider. Kan du sjå med utgangspunkt i favikona om logoane er laga før eller etter internettet frå om lag midten av 90-talet? I så fall, korleis ser du det?
  3. Kva logoar kunne du ha identifisert, utan å kjenne til dei frå før?
  4. Kva tenkjer du bør vere kriteria for å rekne logoar som vellukka?
  5. Beskriv kva vellukka logo-symbol har til felles, og grunngje kvifor desse fellestrekka gjer symbola vellukka.
CC BY-SASkrive av Andrea Søndervik.
Sist fagleg oppdatert 03.01.2019

Læringsressursar

Visuell kommunikasjon