Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Utarbeid ein tiltaksplan for Kokosnøtt kafé

I denne oppgåva skal du lage eit forslag til tiltaksplan, med utgangspunkt i sikringsgruppene fysisk, teknisk, manuell og administrativ sikring.
Nærbilete av hender som vekslar kontantar ved kassen på ein kafé. Foto.

Ungdomsbedrifta Kokosnøtt kafé har fått låne eit lite lokale utanfor skuleområdet, i nærleiken av eit populært turområde. Her driv dei eit kombinert kafé- og kantinetilbod som er ope for alle. Lokalet har eit lite uteområde som dei planlegg å nytte til små arrangement. Det er plass til å setje opp nokre ekstra bord og pynte opp til ulike sesongar.

Dei har valt å satse på enkle lunsjvarer som smoothie, cookies og påsmurde rundstykke. I tillegg sel bedrifta sjølvlaga sesongvarer, som insekthotell, lys og opptenningsbrikettar.

Ungdomsbedrifta har fram til no hatt ope éin til to dagar i veka. I tillegg arrangerer dei eitt til to arrangement i halvåret.

Tilbodet har raskt blitt populært i lokalsamfunnet, og fleire har spurt om det er mogleg å bestille lunsj eller overtidsmat utanom dei ordinære opningstidene. Dei har derfor lyst til å tilby førehandsbestilling og henting av mat, men manglar eit system for å administrere takeaway.

I etterkant av arrangementet spøkjelseslunsj i veka før halloween oppdagar dei at det har vore hærverk på sykkelparkeringa utanfor lokalet deira. I tillegg har fleire av varene som låg klare til julemessa, blitt borte.

Dei har heldigvis god tid til å lage nye tennbrikettar og lys, men no må dei tenkje ut korleis dei betre kan oppbevare varene sikkert fram til messa. Samtidig ønskjer elevane i Kokosnøtt kafé eit betre system for betalingar.

Dei planlegg eit møte i god tid før julemessa for å prøve å løyse desse utfordringane ved å lage ein tiltaksplan. Det dei treng, er

  • system for takeaway/førehandsbestilling og henting av lunsj

  • trygg oppbevaring av sesongvarene

  • ei god løysing for betaling

  • tiltak mot hærverk utandørs, spesielt sykkelparkeringa

Tiltaka som blir foreslått, må vere enkle å gjennomføre, ha ein fornuftig pris og samtidig ta omsyn til lovverk.

Oppgåve

Lag ein tiltaksplan for alle punkta ovanfor. Få med eitt tiltak frå kvar sikringsgruppe, og ta omsyn til dei har eit lågt budsjett.

Tiltaksplanen skal setjast opp i eit skjema, som skal innehalde følgjande:

  • tiltak for kvart punkt, merkt med sikringsgruppe

  • tydeleg fordeling av ansvar

  • dato for gjennomføring

  • kostnad

Ein slik tiltaksplan kan setjast opp i Word eller Excel. Bruk gjerne malen nedanfor.

Filer

Tips til læraren

Oppgåva eignar seg som gruppearbeid eller som individuell oppgåve.

CC BY-SASkrive av Anki Olsen.
Sist fagleg oppdatert 15.10.2021

Læringsressursar

Sikkerheitstiltak