Arbeidsmiljølova krev at bedrifter skal utarbeide planar og setje i verk tiltak for å redusere risiko.
Foreslå sikkerheitsstiltak i ein tiltaksplan
Under arbeidet med å gjennomføre ein risikoanalyse, kartlegg vi uønskte hendingar, og lagar dessutan ei risikovurdering for desse hendingane.
Sikkerheitstiltaka som vi foreslår, kan ha to ulike formål.
Dei skal enten redusere sannsynet: Tiltaka skal hindre at den uønskte hendinga skjer.
Eller redusere konsekvensane: Tiltaka skal redusere skadane om ei uønskt hending skjer.
Tiltaksplanen blir ofte opp sett i ein tabell. Planen skal vere enkel å følgje opp, og gjerast tilgjengeleg for alle medarbeidarane, til dømes på intranettet.
Her ser du eit døme på ein påbegynt tiltaksplan:
TILTAKSPLAN FOR LEIKEBUTIKKEN AS | |||||
---|---|---|---|---|---|
Dato: 21. august 20xx | |||||
Uønskt hending | Risikotal* | Tiltak | Tidsfrist | Kostnad | Ansvarleg |
Tjuveri | 4 | Kurs for tilsette Sentervektar innom Alarmbøyel ved utgang | 30.08.11 01.01.12 01.10.11 | 3000 Ingen 30 000 | Dagleg leiar Dagleg leiar Dagleg leiar |
Brann | 3 |
|
|
|
|
Mobbing | 3 |
|
|
|
|
*Risikotalet er overført frå risikoanalysen, der vi har vurdert sannsyn og konsekvens.
Gjennomføre og følgje opp tiltaksplanen
Etter at tiltaksplanen er laga, er det sjølvsagt viktig at han blir følgt opp. Den ansvarlege (dagleg leiar i mindre bedrifter eller sikkerheitsansvarleg/HMS-ansvarleg i større bedrifter) må rapportere om kva tiltak som er sette i verk.
For Leikebutikken AS i dømet over vil det vere naturleg å la tilsette gå på kurs, slik at dei får auka kompetanse for å kunne handtere tjuveri og ran. Kanskje treng dei eit slikt kurs annakvart år for å kjenne seg trygg.
Kostnaden ved å investere i alarmbøyel ved utgangen er stor. Kanskje viser det seg at budsjettet ikkje har rom for denne investeringa likevel. I så fall må dagleg leiar revurdere tiltaksplanen, og sjå om det er andre tiltak som kan gjere same nytta som ein alarmbøyel.