Hopp til innhald

Fagstoff

Administrative sikkerheitstiltak

Opplæring av tilsette, administrasjon av nøklar og tilgangskontrollsystem og sikring av dokument er administrative sikkerheitstiltak.
Hand som held eit nøkkelkort mot ein elektronisk skannnar på ei dør. Foto.

Opplæring av nye tilsette

Det aller viktigaste administrative sikkerheitstiltaket er opplæring av nye tilsette. At tilsette har gode haldningar og verdiar, er òg svært viktig.

Mange verksemder har gode prosedyrar og rutinar for opplæring av nye tilsette. I ei slik opplæring bør ein gjennomgå

  • informasjon om verksemda
  • omvising på kontoret/området til verksemda
  • underskrift av teielovnad
  • arbeidstid, arbeidstøy og reglar for overtid
  • tilgangskontroll og bruk av kort og kodar
  • brannsløkkingsutstyr og rutinar for evakuering når brannalarmen går
  • førstehjelpsutstyr – kvar finst det, og korleis skal det brukast
  • internkontrollsystem for HMS, inkludert verneutstyr

Administrasjon av nøklar og tilgangskontroll

Bedrifta bør sørgje for at dei tilsette signerer for nøklar og kort som blir gitt ut. Kontrollen må òg sikre at verksemda registrerer når nøklar og kort blir leverte tilbake.

Mange bedrifter har i dag eit elektronisk system. Då må dei òg vareta IKT-sikkerheita. Om du mister ein nøkkel eller eit kort, må du gi beskjed til den ansvarlege. Det same gjeld dersom du har mistanke om at nøklar eller kort har kome på avvegar.

Ein del av tilgangskontrollen er å lage rutinar for besøk hos verksemda dersom ein meiner det er viktig for sikkerheita.

Besøkskort og besøksprotokoll er to hjelpemiddel for å ha oversikt over dei besøkjande. Besøksprotokollen er ei bok der dei besøkjande skriv kven dei er, kva bedrift dei tilhøyrer, kven dei skal besøkje, og klokkeslett inn og klokkeslett ut.

Relatert innhald

Administrative sikringstiltak er opplæring av tilsette, administrasjon av nøklar og tilgjengekontrollsystem og sikring av dokument. Les meir om dette her.

CC BY-SASkrive av Monica Gjertsen Steinbakken. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 31.03.2021

Læringsressursar

Sikkerheitstiltak