Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Sikringstiltak på kjøpesenter

I denne oppgåva skal de finne og identifisere sikringstiltak på eit kjøpesenter. De skal jobbe i grupper.
To vektarar går runde på eit kjøpesenter. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Case

Sjå for dykk at de i gruppa er sikkerheitsansvarlege på det lokale kjøpesenteret. De skal skaffe dykk oversikt over kva sikringstiltak som finst på senteret i tilfelle uventa hendingar. For å få til dette må de kanskje gjennomføre ei synfaring for å sjå området, kva verdiar som må vernast, og kva tiltak som kan gjennomførast.

Om det ikkje er mogleg å besøkje kjøpesenteret, så bruk nettsida til senteret og andre kjelder til å finne informasjon om senteret for å løyse oppgåva.

Dersom kjøpesenteret har eit kart på nettsida si, kan det vere praktisk å bruke det til å merkje av sikringstiltak. Om ikkje er det fullt mogleg å teikne sitt eige kart til det same føremålet. Når de skal merkje av på kartet, kan de bruke til dømes x for teknisk, 0 for fysisk og v for administrativ sikring. Poenget er å skilje mellom tiltaka på ein tydeleg måte på eit kart over området.

Bruk det de har lært om risikovurdering og sikringsgruppene.

Oppgåve

  1. Vel dykk ut eit kjøpesenter og gjer forundersøkingar. Skriv ut eit kart frå nettsida til senteret, eller teikn eit sjølve, og skriv ut synfaringsskjemaet som ligg ved nedst på sida her.
  2. På synfaringsrunden bruker de kartet til å merkje av sikringstiltaka og fyller ut skjemaet. Hugs å få med både teknisk, fysisk, manuell og administrativ sikring.
  3. Saml informasjonen i eit Word- eller PowerPoint-dokument. De skal levere inn både dokumentet, skjemaet og kartet med forklaring samla.

Filer

CC BY-SASkrive av Anki Olsen.
Sist fagleg oppdatert 07.05.2020

Læringsressursar

Sikkerheitstiltak