Hopp til innhald

Fagstoff

Protestar og demonstrasjonar

Ein demonstrasjon eller protest er eit verkemiddel for å ta eit standpunkt eller skape merksemd rundt ei sak. Som oftast vil markeringa gå roleg for seg. Unntaksvis kan situasjonen eskalere til høgkonflikt-situasjonar og i ekstreme tilfelle vald.
Mange hender i lufta viser langfingeren under ein demonstrasjon. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva seier lova?

Utøving av ytringsfridommen og fridom til å drive politisk verksemd er grunnleggjande rettar. Ikkje berre er det lovleg å organisere ein demonstrasjon på offentleg stad, han skal òg vernast av politiet om nødvendig. Tidlegare måtte ein søkje politiet om løyve, men no blir det berre stilt krav om at det blir meldt frå til politiet innan rimeleg tid.

Politiet har likevel høve til å forby demonstrasjonar under visse kriterium. Større demonstrasjonar på svært kort varsel som blir forventa å krevje ein større politistyrke, kan vere ein slik grunn.

Markering av politisk standpunkt

Demonstrasjonar er eit verkemiddel for å vise støtte til, eller protestere mot, politiske saker. Nokre gonger oppstår demonstrasjonar som ein reaksjon på aktuelle nyheitssaker og blir organiserte på svært kort varsel. Eitt døme på dette er Black Lives Matter-demonstrasjonane (BLM). Desse demonstrasjonane oppstod over heile verda som ein direkte reaksjon på politibrutalitet mot menneske med mørk hudfarge i USA. Denne saka opprørte så mange menneske at trass dei strenge koronarestriksjonane som var gjeldande då, samla menneske seg i protest mot ei urettferd dei følte det var nødvendig å ta avstand frå.

Relatert innhald

Verkemiddel for radikale grupper

Det hender at nokre radikale grupper og miljø arrangerer demonstrasjonar med intensjon om å provosere eller tvinge fram reaksjonar. I desse tilfella kjem ofte motdemonstrasjonar, og konfliktnivået kan vere høgt. Ved varsla demonstrasjonar som inneber høg risiko for eskalering, må politiet justere beredskapsnivået. Noko av det viktigaste i beredskapsarbeidet er faktisk god kommunikasjon og grundig førebuing.

I denne podkasten fortel Christine Isøy frå Oslo Politidistrikt om korleis dei vurderer trusselbiletet i demonstrasjonar.

Mann med briller held eit ark med teksten "Serviceyrka". Fargerike smilefjes omringar hovudet til mannen.
Serviceyrka

Konflikthandtering ved demonstrasjonar – politiet

I samband med demonstrasjonar kan det bli høgt konfliktnivå. I denne podkasten får vi høyre korleis politiet arbeider før, under og etter ein demonstrasjon for å dempe konfliktnivået.

0:00
-0:00



CC BY-SASkrive av Anki Olsen.
Sist fagleg oppdatert 02.03.2021

Læringsressursar

Trusselbilete