Hopp til innhald

Fagstoff

Dei som vernar oss

Tidlegare kunne både sivile og myndigheitspersonar bevege seg fritt utan å føle seg trua. Trass i at vi har fleire aktørar som vernar oss, er situasjonen i dag noko annleis.
Politiets sikkerhetstjeneste. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kven vernar oss?

Fleire offentlege aktørar har ei rolle i arbeidet med å avdekkje og hindre fiendtlege handlingar mot norske borgarar, bedrifter og institusjonar:

  • Politiets tryggingsteneste (PST) har ansvar for sivile trusselvurderingar, spesielt når det gjeld terror og industrispionasje.
  • Etterretningstenesta driv etterretning av militære truslar mot statssikkerheita. Militær etterretning dreier seg tradisjonelt om moglege truslar frå andre statar.
  • Nasjonalt tryggingsorgan koordinerer og sikrar at sikkerheitsarbeidet i ulike etatar og bedrifter fungerer effektivt og samordna.
  • Politiet har ei rekkje ulike roller i oppfølging av truslar. Mellom anna prioriterer dei tiltak og ressursar etter råd frå PST.
  • Tollvesenet har ansvar for grensekontroll. Dei undersøkjer vanlegvis med stikkprøver identiteten til dei som vil inn i landet, om varer er lovlege for innførsel, og om varene er fortolla.
Bevæpnet politi. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Myndigheitspersonar

Du har kanskje sett biletet av Kong Olav som løyser billett på trikken under oljekrisa på 1970-talet. Mange i utlandet reagerte på at kongen kunne reise fritt rundt utan livvakter. Svaret var at kongen hadde 4 millionar livvakter, det vil seie alle nordmenn. Mange år seinare blei Sveriges statsminister Olof Palme skoten på open gate då han – utan livvakter – var på veg heim frå kino med kona si.

I dag er det ikkje lenger rekna som forsvarleg å la representantar for kongehuset eller regjeringa bevege seg offentleg utan sikkerheitstiltak.

Kronprins Haakon Magnus besøkjer jamleg norske skular. Før eit slikt besøk går representantar for sikkerheitsstaben hans gjennom den aktuelle skulen, vurderer kvar det er tryggast å gå, og sjekkar data frå til dømes PST om eventuell mistenkjeleg aktivitet og kjend ekstremisme i det aktuelle området. Væpna vakter er vanlegvis til stades under besøket.

Alle har ansvar

Sjølv om myndigheitene tek mykje ansvar, er det kvar enkelt borgar som avgjer kor sterkt vi kan stå imot ulike truslar. Når du lærer meir om helse-, miljø- og sikkerheitsarbeid (HMS), vil du sjå at det er lagt størst vekt på små tiltak der den enkelte får ansvar for å bidra til ein tryggare kvardag for alle.

CC BY-SASkrive av Kyrre Romuld.
Sist fagleg oppdatert 07.03.2017

Læringsressursar

Trusselbilete