Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Podkast: Kriminalitet

Kvifor trur du at nokon blir kriminelle og hamnar i fengsel? Og kva er sjansen for å slutte med kriminalitet når du først har byrja? Ein podkastepisode om utanforskap vil kaste lys over spørsmåla.
Ein mann blir ført i arresten av to politibetjentar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I denne oppgåva skal du jobbe med spørsmål knytte til ein podkastepisode om kriminalitet. Du skal gjere noko forarbeid før du lyttar til podkasten. Dei andre spørsmåla skal du jobbe med etter å ha lytta.

Forarbeid

Skriv ned nokre stikkord baserte på desse spørsmåla:

  1. Kvifor trur du nokon "hamnar utpå" og blir kriminelle?
  2. Er det å bli kriminell først og fremst noko ein vel sjølv, eller er det miljøet eller samfunnet som er avgjerande?
Raud notatbok med papir stikkande ut. I forgrunnen står teksten «Heilt personleg». Foto.
Heilt personleg

Om utenforskap: Kriminalitet

I denne podkasten om utanforskap, snakkar programleiar Marthe Sveberg med Awais Malik og Emil/Don Belizio om erfaringane deira med kriminalitet.

0:00
-0:00

Etterarbeid

  1. Finn du nokon likskapar i det Malik og Emil fortel om?
  2. Malik snakkar om at det er ei evig jakt på tilhøyrsel, for han er jo aldri "din". Kva trur du han meiner med dette? Kvifor er det gjerne sånn i kriminelle miljø?
  3. Handlar det like mykje om tilhøyrsel hos Emil, eller er det andre ting som speler inn?
  4. Malik var med i B-gjengen, medan Emil var med i Barnevernsbanden. Finn ut meir om kven desse gjengane var og kvifor dei var så berykta.
  5. Både Emil og Malik snakkar om kva som kunne vore gjort annleis. Kva er dei viktigaste råda dei gir for å førebyggje kriminalitet? Er du samd? Er det andre ting som også bør gjerast ? Drøft spørsmåla i små grupper.
  6. Kvifor er det så vanskeleg å slutte å vere kriminell?
CC BY-SASkrive av Inga Berntsen Rudi og Eivind Sehested Zakariassen.
Sist fagleg oppdatert 11.02.2022

Læringsressursar

Trusselbilete