Hopp til innhald

Fagstoff

Samisk film som kulturuttrykk

Filmar laga av samiske filmskaparar kan ha stor betyding som kulturuttrykk i samfunnet. Filmane blir fortalde ut frå eit samisk perspektiv og ikkje slik storsamfunnet ser på det "typisk samiske".
Ein mann i dress døyper ein mann i samisk drakt ved ein innsjø. Foto.

Den samiske filmbølgja – blikket innanfrå

Filmar laga av samiske filmskaparar gir eit "innanfrå"-blikk på den samiske kulturen. Filmane kan bidra til å skape attkjenning og til å gjere samhaldet blant den samiske befolkninga sterkare. Dei kan også vere med på å vidareformidle forteljingar og historier som er sentrale i den samiske kulturen.

I eit intervju med Aftenposten beskriv direktør ved Internasjonalt Samisk Filminstitutt, Anne Lajla Utsi, kva ho meiner er viktig med det som i artikkelen blir omtalt som "den samiske filmbølgja":

Samisk film er ikke bare underholdning. Nå tar vi tilbake retten til å definere vår virkelighet med fiksjon og dokumentar i en digital tidsalder (Aftenposten.no, 2015).

Samisk film som kulturuttrykk i samfunnet

Historisk sett har samane, som ei rekkje andre urfolk, vore utsette for ulike former for overgrep og undertrykking i statleg regi. Fordomsfulle og stereotypiske oppfatningar av kva det vil seie å vere same er også til stades i dag. Samiske filmar er eit viktig kulturuttrykk, fordi dei har potensial til å styrke storsamfunnet si forståing for kulturen og historia til samane.

Film er eit sterkt medium som kan kommunisere direkte med publikum sine kjensler. På denne måten kan samiske filmar lære oss sider ved den samiske kulturen som det kanskje kunne vore vanskelegare å forstå gjennom å lese ein meir tradisjonell tekst.

Somme samiske filmar tek opp vanskelege tema, som undertrykking og fornekting. Sameblod tek oss med attende til Sverige på 1930-talet, og vi får eit innblikk i korleis storsamfunnet behandla samane på denne tida. Rasisme og diskriminering var ein del av kvardagen.

Det finst fleire kampar samane har måtta kjempe som er festa til lerretet – slik som retten til å behalde eige språk og eigen kultur, eigne landområde eller tradisjonelle levemåtar. Eit døme her er Kautokeino-opprøret, som handlar om opptakten til det samiske opprøret i Kautokeino i 1852.

Daglegliv og ungdomskultur blir også skildra i fleire samiske filmar – slik som i kortfilmen Hilbes biigá. Her møter vi femten år gamle Máigon og den beste venninna hennar Ánne-Sire.

Segn, historier og mytiske forteljingar er ein viktig del av samisk forteljartradisjon. Dette blir spegla i det samiske filmuttrykket. Animasjonsfilmen Saiva er døme på ein film som byggjer på ei mytisk forteljing.

Samiske framstillingar i Hollywood-film

Fleire menneske kledd i tradisjonelle samiske draktar på raud løpar. I bakgrunnen er eit bilete frå Disneyfilmen Frost 2. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Då Disney skulle lage Frost 2, fekk dei hjelp frå eit eige samisk ekspertråd. Store delar av handlinga i animasjonsfilmen er lagt til samiske omgivnader. Disney ønskte å forsikre seg om at framstillinga av det samiske – av både natur, folk og kultur – blei gjort på ein mest mogleg truverdig måte

Filmen inneheld blant anna tradisjonell joik, reinsdyr og samiske klesdraktar. Det er også laga ein eigen versjon av filmen med samisk tale.

Kjelder

Boine Verstad, A. (2019, 4. oktober). Disney reiste til Sápmi for å få hjelp med storfilm. Henta 6. desember, 2019, frå https://www.nrk.no/sapmi/disney-reiste-til-sapmi-for-a-fa-hjelp-med-storfilm-1.14720223

Furuly, J. G. (2015, 9. august). Nå er den samiske filmbølgen her. Henta 6. desember, 2019, frå https://www.aftenposten.no/kultur/i/jmRw/naa-er-den-samiske-filmboelgen-her

Rushprint. (2019, 26.november). ”Ailo” og ”Frost” bringer nordområdene til verden. Henta 6. desember, 2019, frå https://rushprint.no/2019/11/ailo-og-frost-bringer-nordomradene-til-verden/

CC BY-SASkrive av Tina Andersson. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 24.11.2022

Læringsressursar

Representasjon i media